NYHENDE

Sogn og Fjordane Kunstmuseum: Fredag 1. juni 2018, Kulturnatt i Førde

Kunstnaren Célia Gondol og dansaren Antoine Roux-Briffaud, begge frå Frankrike, er på jakt etter 7 frivillige, men alle som vil vere med får 318 kr/gong i honorar, det vil sei 1590 kr for å møte opp 5 gonger. Vi ser etter menn og kvinner i alle aldre.

Dag og Tid sin kunstmeldar, Eva Furseth, har teke turen til Førde for å sjå utstillinga "Tretoppanes blygskap". Her kan du sjå kva tankar ho gjer seg i avisa frå 9. mars 2018.

Velkomen til mange gode opplevingar i året som kjem!

No finn du nokre av dei mest kjende verka av Nikolai Astrup på Digitaltmuseum. Meir vil komme etter kvart som vi arbeider med samlinga på over 320 verk. Du kan mellom anna sjå 125 tidlegare upubliserte skisser. Om lag halvparten av dei er mest sannsynleg frå studietida i Paris i 1902, då skisseboka dei er ein del av har stempel frå ein utstyrsbutikk for kunstnarar i den franske hovudstaden og motiva kan sjå ut til å vere derifrå.