Katalog for SFKM, FRAC Lorraine og MARCO Vigo, 2015

”I byrjinga var…omsetjinga”, skriv Leevi Lehto, finsk diktar og omsetjar. Omsetjing er sjølve grunnlaget for kulturen vår, og utvekslinga mellom ulike kulturar og språk er det som skaper vekst og endring. Omsetjing lèt det framande inn – får det til å snakke til oss på eit språk vi forstår. Slik utvidar det vår verd, og får oss til å sjå ting på nye måtar.

Med utstillinga ”Omsetjarens røyst” inviterer vi deg til å reflektere over kva omsetjing har å seie for samtida vår. I dag finn vi omsetjingar overalt: innan internasjonal handel, politiske forhandlingar, dei daglege nyheitssendingane, nettkommunikasjonen mellom ulike land og kontinent, og ikkje minst, film og litteratur. Mykje av det vi veit om verda har komme til oss gjennom omsetjingar. Farten og intensiteten på den globale kommunikasjonen aukar stadig, dermed veks også behovet for omsetjing.

Omsetjing har alltid vore knytt til eit tap, noko som blei tematisert i den populære filmen ”Lost in Translation”. Språk og kulturar er ikkje ulike måtar å seie det same på, men ulike måtar å seie ulike ting på. Ei omsetjing vil alltid vere omtrentleg. Oppgåva med å overføre ulike skildringar av den menneskelege erfaringa er utruleg vanskeleg. Korleis kan vi då tenkje oss møte mellom språk ikkje berre som eit problem, men som ei kjelde til skaparkraft og læring? Korleis kan vi forstå verda på forskjellige måtar gjennom forskjellige språk? Kan omsetjing til og med vere ein metode for kritisk eller undergravande verksemd?

Omsetjing er sjølvsagt ikkje noko nytt fenomen, globaliseringa til trass. Kvart møte mellom kulturar har kravd omsetjingar, og gjennom mykje av den moderne historia har desse møta korkje vore jamstelte eller fredelege. Engelsk blir i dag oppfatta som eit maktspråk og blir skulda for å skyve til side morsmål og mindretalsspråk. Men før engelsk fekk denne posisjonen, har andre språk dominert verda gjennom hundreår med kolonialisme og imperialisme, og ført til systematisk undertrykking av innfødde kulturar.

Om vi hevdar at ”i byrjinga var omsetjinga”, må vi også innsjå at omsetjing til alle tider har vore definert av historiske maktrelasjonar: mellom koloniherrar og koloniserte, sentrum og periferiar, marginale kulturar og imperium. Fleire av desse maktforholda finst enno den dag i dag, om enn på andre måtar enn før.

Tittelen på dette prosjektet, ”Omsetjarens røyst”, peikar i to tematiske retningar. På den eine sida famnar det ideen om å synleggjere handlinga og stemma til omsetjaren. Den rettar flaumlyset mot omsetjinga som unik kjelde til å forstå kulturforskjellar og uttrykke identitetar gjennom språk.

På den andre sida blir omsetjaren ein kritisk metafor for dei språklege tilhøva ved den globaliserte og postkoloniale verda. Omsetjaren representerer det store behovet for, gleda over og smerta ved å lære framande språk, den frivillige eller ufrivillige fleirspråklegheita til flyktningar, fenomenet med ihopblanda kulturar og det å snakke om og oppleve verda gjennom eit språk som ikkje er ditt eige.

Omsetjing er langt meir enn ein profesjon eller ei handling. Det er ein viktig del av den menneskelege erfaringa, og oftare og oftare finn vi oss sjølve i rolla som omsetjaren.

Martin Waldmeier
London, 14.11.2014

Vinnar av Ung kurator pris 2014

Språk: Norsk, English, Francais, Espanol, Gallego