smak

SMAK AV BOK
Vi er ei gruppe på 10 kunstnarar som arbeider ut frå eit felles tema der kunstnarboka er omdreiingspunktet. Hovudvinklinga vår er boka i skjeringsfeltet mellom massekommunikasjon og heilag objekt. Kunstnarane i gruppa har arbeidd fram objekt/verk som legg vekt på boka sine sanselege/fysiske moglegheiter. Alle arbeid vil vere nye produksjonar til utstillinga.

Boka er noko vi alle har eit forhold til. Bokobjektet (også som e-bok) har ein fysisk verdi som går ut over teksten sine overstigande eigenskapar. Det er sider ved dette kunstnarane tematiserer på ulike måtar ved hjelp av ny og gamal teknologi:
For eksempel vil publikum gjennom Dino Dikic’ sitt prosjekt med kopimaskin få høve til å lage eigne bøker/hefter, de vert oppmoda til å smake på Imi Maufe sine knekkebrødbøker, eller kva med berre å undre seg over Randi Strands «svevande» metaforbøker!

Om Artists books
Norge har til ei kvar tid hatt kunstnarar som har arbeidd med bøker som eige kunstnarleg medium, sjølv om desse sjeldan har vorte gjenstandar for merksemd i form av eigne utstillingar, eller blitt samla systematisk av kunstmusea våre, har Artists books fått ei auke både i omfang og merksemd i det siste. Til tross for at Artists books kan sjåast som ein smal kunstsjanger famnar den vidt. Ein stor del av det som har vorte laga og vist, har ein analytisk, teoretisk og konseptuell tilnærming der den fysiske forma ikkje er essensen. Vårt fokus vil vere den fysiske boka, og (bok)mediet sin materielle og immaterielle dobbeltheit. Tekstbildet og den fysiske beraren av det; steintavla, papyrusrullen og boka, har sidan byrjinga hatt ei magisk tiltrekking på oss. Dei er objekt som har makt over oss, som bitt oss til fortida, og gjev oss guddommelege løfte.
 
Interessa vår er knytt til boka sin vide sensoriske appell både på eit materielt og metafysisk nivå. Dette reflekterast i deltakarane sine tidlegare arbeid. Fleire har tematisert synssansen, men på vidt ulike måtar (Kurt Johannessen). Boka sitt brennande engasjement, bokstaveleg tala, har vorte brukt i performance (Rita Marhaug) og sjølvsagt boka sitt taktile register ved at lesaren aktivt må ta på og bla i bokobjektet (Håkon Holm Olsen). Til slutt, korleis boka strukturerer tida og dei forteljande elementa for sjåaren (Sarah Jost) som kanskje det mest opplagde,
…og dessutan Esekiels erfaring av å ete boka…  

Kunsthistorikarane Øystein Hauge og Sigrun Åsebø og litteraturvitar Sofie Marhaug har levert nye tekstar til prosjektet.
 

Medvirkande kunstnarar: 

Dino Dikic
Kurt Johannessen
Sarah Jost
Imi Maufe
Rita Marhaug
Håkon Holm Olsen
Julie Lillelien Porter
Randi Annie Strand
Elisabet Alsos Strand
Anja Ulset

Prosjektet si heimeside: http://www.codexpolaris.com/