10 biletkunstnarar har undersøkt boka si metaforiske og sensoriske moglegheiter gjennom temaet SMAK AV BOK. Utstillinga syner boka i skjæringsfeltet mellom massekommunikasjon og heilagt objekt. 
Utstillinga vert opna av Jorun Systad, biblioteksjef i Førde. Kunstnarane vil vere til stades.
Kunstnarane er: Kurt Johannessen, Rita Marhaug, Håkon Holm-Olsen, Anja Ulset, Sarah Jost, Julie Lillelien Porter, Randi Annie Strand, Dino Dikic, Imi Maufe og Elisabet Alsos Strand.