No finn du nokre av dei mest kjende verka av Nikolai Astrup på Digitaltmuseum. Meir vil komme etter kvart som vi arbeider med samlinga på over 320 verk. Du kan mellom anna sjå 125 tidlegare upubliserte skisser. Om lag halvparten av dei er mest sannsynleg frå studietida i Paris i 1902, då skisseboka dei er ein del av har stempel frå ein utstyrsbutikk for kunstnarar i den franske hovudstaden og motiva kan sjå ut til å vere derifrå. Astrup har teikna akt og studert anatomi. Mange av skissene syner at han antakeleg har vore i Louvre og studert mellom anna egyptiske antikvitetar. Eit iaugefallande trekk i skisseboka, som i dei andre skissene, er alle skildringane av dyr, fuglar og plantar.