tre

MED SKJEMT OG VET - Tre folkekjære sunnfjordingar

Opning laurdag 1. april kl. 15 ved ordførarane Håkon Myrvang, Naustdal, Olve Grotle, Førde og Oddmund Klakegg. Musikkinnslag av Jorunn Torsheim.


I sommar syner vi ei utstilling med kunstnarane Ludvig Eikaas (1920-2010), Kjartan Slettemark (1932-2008) og Oddvar Torsheim (1938), som på ulikt vis har gjeve oss sterke og skiljesetjande verk. Dei var og er klåre og særmerkte røyster i samtidskoret. Dei nyttar på kvart sitt vis humor og satire for å lokke oss inn i si verd. Men under skjemten så ligg vet, alvor og meiningsmot. I denne utstillinga vonar vi å få fram denne samklangen, trass ulikskap i utrykk og tema.

I dei stilsikre portretta til Ludvig Eikaas er ikkje det attkjennande fysiske hovudsaka. Eg ser deg, og anten du er ein rautande kalv eller forfattar, så gjer eg bilete slik du er, ikkje slik du ser ut. Kjartan Slettemark gjekk ut i samfunnsstriden med klåre politiske og til dels provoserande bodskap. Det er ikkje kvar gjort å gjera bilete som får folk til å taka øks i neven og gå til åtak. Han er alkymisten som gjer kunst av skrot – så vi ser "Norges blomsterdal". Oddvar Torsheim har lik ein seismograf teikna ut skjelvingar i sinnet og samfunnsgrunnen. Kan hende hadde vi ikkje merka dei om vi ikkje hadde nokon som gav dei liner. Ei grøn kyr som vert merkje for ei folkerørsle.

Dei har alle tre laga verk som vert ståande som merke for ein tidsbolk. Dei har òg det sams at dei er og var romfrekke folk. Til tider var det nok dei som tykte at dei drog heim skam. Tenk at det er folk herifrå som fer slik åt og ter seg slik. Men kan hende er det nett difor dei no er so folkekjære. For oss herifrå er dei og arbeida deira ein del av sjølvbiletet. Vi kjenner oss att i «Hest i vind», vi kjenner ein «Sisyfos frå Sunnfjord» og vi veit alle at ein dag kan det vera vi som får hovudet vårt på fat...

kurator Fridtjov Urdal

Verka kjem frå Eikaassamlinga, SFKM si samling i Førde og frå Oddvar Torsheim sitt private eige.

Foto: Oddleiv Apneseth, Kjartan Slettemark, Oddvar Torsheim og Ludvig Eikaas, 2001.