Kurt

Møt Kurt Johannessen i Kafe Sobra på Sogn og Fjordane Kunstmuseum onsdag 8. februar kl. 16.30.
I samband med utstillinga «Smak av bok» kan du møte forfattaren og kunstnaren på museet. Kurt Johannessen er kanskje mest kjend for sine poetiske og minimalistiske – og til tider humoristiske – performancer, men han har og eit langt forfattarskap bak seg på eige forlag. 

Gratis omvising i utstillinga "Smak av bok" ved Fridtjov Urdal etter foredraget.

"Handbok i øvingar som få eller ingen har øvd seg på tidlegare. Formatet er lite, slik at ein kan ta boka med seg overalt og øve seg når ein treng det." (om boka «Øvingar»)

Møt forfattaren og kunstnaren: http://www.zeth.no/welcome.shtml

Forfattarmøtet er eit samarbeid mellom Førde bibliotek og Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Foto: Peder Otto Dybvig