book&heden

TORSDAG 2. MARS KL. 18: Utstillinga vert opna av Tone Hansen, rådsleder i Norsk Kulturråd og direktør for Henie Onstad Kunstsenter. Kunstnarane vil vere til stades. Fri inngang. Velkomen!

Sogn og Fjordane Kunstmuseum har med raus støtte frå Sparebankstiftelsen DNB og god hjelp frå Henie Onstad Kunstsenter, kjøpt inn kunstnarduoen Ingrid Book & Carina Hedén sin storslåtte videoinstallasjon «Nikolais natt» frå 2016. Verket var eit bestillingsverk til Henie Onstad Kunstsenter og vart vist samstundes, og i dialog med deira utstilling "Nikolai Astrup - Norske landskap", som var ein del av den store Astrupturnéen i fjor. Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde viser det nyleg innkjøpte verket i sin heilskap. «Nikolais natt» har sterke og naturlege band knytt til staden Jølster og Vestlandet.

«Nikolais natt» er satt saman av 7 videoar som syner kulturlandskap, menneske og natur i Jølstertraktene, saman med sitat frå Nikolai Astrup sine brev og notat. Kunstnarane Ingrid Book og Carina Hedén tek utgangspunkt i ulike stadar som var knytt til Astrup, mellom anna  fleire av motiva som vart planlagt men ikkje utført. Kunstnarane sine val av tekstar synleggjer dei vanskelege kåra Astrup arbeidde under, både i høve til helsa og det økonomiske. I «Nikolais natt» er det særskild fokus på kunst og kunstnaren sine vilkår, kunstscena og kunsthandelen, den Europeiske kunsten – alt dette plassert på dei lokale stadane i heimbygda hans på Vestlandet. I videoen kjem nokre av Astrup sine tekstar opp som undertekstar medan andre vert lest opp av mannsrøyster frå Jølster og dannar slik eit bakteppe for dei dvelande videobileta.

BOKLANSERING av «Nikolais natt» (2017) på kunstnaranes eiga forlag Hong Kong Press. Boka tek utgangspunkt i videoinstallasjonen og er ein del av verket.

«Det er viktig å vise Nikolai Astrups skriftlige arbeid som en tilgang i norsk kultur, hvor viktig formuleringsevne og abstrakt tenking også er for kunstnere innen det visuelle området. Vi mener at en bok som denne kan vekke en videre interesse for Astrups rike skriftlige produksjon».  (Ingrid Book & Carina Hedén 2017)

Foto: frå installasjonen ved SFKM.