KROPP OG SJEL – BASISUTSTILLING

Kunstnarane har til alle tider vore opptekne av det som ligg oss menneske nærast; vår eigen kropp og sjel. Korleis har dei så skildra det fysiske skalet vi alle ber på? Korleis har dei klart å få fram sjela sine ulike tilstandar? Kunstnarane syner oss korleis vi opplever kroppane våre reint fysisk, men òg psyken må dei skildre gjennom den lekamen den er ein del av. Tidlege filosofar som Platon (ca. 428-348 f.Kr.) meinte at sjela berre mellombels var sameina med kroppen og at dei ved døden ville skilje lag. I og med at ein aldri har klart å finne empiriske bevis på at sjela kan skiljast ut som ein eigen del i kroppen, eller i frå kroppen, har moderne filosofar falle ned på at sinn og lekam ikkje kan skiljast. 

I dei kunstverka vi har vald ut til denne utstillinga, utkrystalliserer det seg fleire undertema. I den første salen har vi samla verk som skildrar den naturlege kroppen i akt og badescener, kroppen som allegori og forholdet til eigen kropp. Forteljinga frå Det gamle testamentet om Adam og Eva som vert drivne ut av paradiset, er òg starten på historia om menneska sitt forhold til eigen kropp i den vestlege kristne kultursfæren. Når Adam og Eva har ete av kunnskapens tre og vert vist ut i frå Edens hage av Gud, vert dei plutseleg òg var sine eigne nakne kroppar og kjenner for første gong på skamkjensla. I akt-verka er kropp relativt nøytralt skildra, og fokus er meir på anatomi enn på det erotiske. Det at mange kunstnarar opp gjennom tidene har avbilda folk som badar i det fri, kan tyde på at det har vore eit legitimt høve til å sjå på og skildre den nakne menneskekroppen.

I den andre og tredje salen handlar verka om den fysisk og psykisk lidande kroppen. Her ser vi kroppar utsett for tortur, inngrep, krig og død. Myta om Ikaros minner oss på kroppen sine fysiske avgrensingar og fleire av verka freistar å syne fram ulike sinnstilstandar gjennom kroppen. Alt frå lett fråverande, tenkande og observerande tilstandar til einsemd, avmakt, traume og angst. 

I den siste salen er det den attråverdige kroppen som er i fokus hjå kunstnarane. Kva får oss til å sjå det erotiske i ein kropp? Det handlar om positur, delvis avdekte kroppsdelar, konkrete skildringar av genitalia og erotiske situasjonar. Kontrasten i verkemiddel er stor mellom Vinjum sine særs eksplisitte laveringar og Torsheim sine rå og humoristiske maleri, litografi og tusjteikningar.

Verka på utstillinga kjem frå samlingane ved SFKM, Førde, Astruptunet, Eikaasgalleriet og Sogn Kunstsenter. Brorparten av dei representerte kunstnarane er fødd på 1940 og -50-talet, og to av tre er menn. Verka fell i hovudsak inn under kategoriane grafikk, maleri, teikning, fotografi og skulptur, men òg materialbilete, relieff, assemblage, installasjon, animasjon og video vert synt fram. Verka er laga i perioden 1901-2012, og alle tiåra er representert. Hovudtyngda er likevel frå etter 1970.  Kunstverka er samla inn gjennom innkjøp, gåver, deponi og fordelingar frå Norsk kulturråd. Fleire av verka har ikkje vore vist etter at dei kom inn og mange er det lenge sidan vi har hatt høve til å syne fram. Fleire av verka har inntil nyleg vore lånt ut som utsmykking til fylkeskommunale bygg.

Kurator: Ingrid Norum, konservator ved SFKM

Representerte kunstnarar:
Oddleiv Apneseth, Nikolai Astrup, Reidun Færøy Bergstrøm, Malvin Berqvam, Liisa Frydenlund de Corral, Guri Dahl, Elisabeth Dillingøen, Per Dybvig, Jan Egge, Finn Egil Eide, Ludvig Eikaas, Gerd Endestad, Ove Enehaug, Ola Enstad, Steingrimur Eyfjord, Gro Finne, Thora Fredrikke Astrup Kühle Geelmuyden, Bente Geving, Hans Gjesme, Stine Gonsholt, Arna Grevstad, Laurie Grundt, Niclas Gulbrandsen, Johanne Marie Hansen-Krone, Jens Hauge, Bjørn Hegranes, Sveinung Iversen, Morten Steen Kaels, Ole Karlsen, Steinar Klasbu, Bjørn Krzywinski, Helge Krøvel-Velle, Bjørn Kvarstein, Snorre Kyllingmark, Victor Lind, Harald Lyche, Susanna Majuri, Tom Martinsen, Elisabeth Mathisen, Robert Meyer, Magnar Moen, Astrid Mørland, Therese Nortvedt, Torill Nøst, Bjørn Brynjolf Pedersen, Bjørn Ransve, Ole Rinnan, Thorstein Rittun, Inge Rotevatn, Knut Rumohr, Jenny Marie Rydhagen, Edvin Skjerping, Astrid Skåtun, Kjartan Slettemark, Kåre Jan Solenes, Elisabeth Steen, Jan Steinum, Anne Lise Stenseth, Willibald Storn, David Een Sture, Camilla Søyland, Oddvar Torsheim, Olav K. Vaagen, Magne Vangsnes, Johannes Vinjum, Gerard Waegeneire og Arne Øhnell.

Foto av: Kåre Jan Solenes, "Parafrase over Brüghels Slaraffenland", 1973, etsing, Norsk kulturråd 2007, SFKM 1707.