Med ei betydeleg gåve frå Sparebanken Sogn og Fjordane, har kunstmuseet fått auka samlinga med over 30 verk av Oddvar Torsheim. Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM) si hovudoppgåve er å forvalte og formidle sentrale kunstverk av kunstnarar frå regionen. Oddvar Torsheim er ein av dei mest sentral kunstnarane frå Vestlandet. Før gåva frå Sparebanken Sogn og Fjordane, omfatta SFKM si samling18 verk av kunstnaren. Det har difor vore viktig å få inn fleire sentrale verk frå dette kunstnarskapet. Denne gåva frå Sparebanken Sogn og Fjordane bidrar til å styrkje samlinga til Sogn og Fjordane Kunstmuseum. 

Avdelingsdirektør ved SFKM og museumsstaben har saman med Oddvar Torsheim og Jorunn Torsheim utarbeidd eit utval verk (ei ynskjeliste) som nå vert ein del av SFKM si samling. Det er særleg Torsheim si viktige rolle som samfunnskritikar i perioden 1965-1980 som vert kjøpt inn til samlinga.

Eit utval av innkjøpet kan ein sjå på Eikaasgalleriet frå 1. april – 15. oktober i utstillinga ”Med skjemt og vet – 3 Sunnfjordingar”.