ANDERS SVOR - BASISUTSTILLING
Etter 20. august 2017: Ope for skuleklassar på bestilling.
I 2014 var det 150 år sidan Anders Svor vart født. Til jubileet vart det laga ny basisutstilling i museet, lansert ei flott bok med utvalde verk frå Svorsamlinga og støpt ei ny skulpturgruppe, "Adam og Eva" til skulpturparken ved museet ved hjelp av Anders Svor Museum sitt "bronsefond".

Basisutstillinga tek for seg Svor sitt arbeid med offentlege utsmykkingar, både realiserte og ikkje-realiserte, skulpturar laga på oppdrag for private og frie arbeid. Hovudformålet har vore å presentere Anders Svor sin kunst kronologisk og tematisk, og å fremje opplevinga og forståinga av Anders Svor sin kunst i si samtid. Utstillinga syner Anders Svor som ein representant for nyromantikken sine idear og stilideal i Noreg. I tillegg fortel utstillinga litt om Anders Svor sitt livsløp (biografi), om kva for kunstnarlege prosjekt kunstnaren arbeidde med og litt om arbeidsmåten hans og korleis ein bronseskulptur vert laga.

Verk: Anders Svor, Bestefar lærer veslegutt å skrive, 1887. (Foto: Espen Mills for MISF)