detvi

MAIA BIRKELAND - DET VI HAR I LAG

DEL 1: BYLØA
- RÅDHUSPLASSEN 16.05 - 30.06.2017
- SFKM 05.07 - 15.10.2017
DEL 2: SUNNFJORD MUSEUM 17.06 - 15.10.2017
DEL 3: SFKM 05.07 - 15.10.2017
Opning onsdag 5. juli kl.17:30 ved SFKM i Førde. 

Maia Birkeland (1978) er fødd og oppvaksen i Førde. Utstillinga «Det vi har i lag» er ein del av eit tredelt kunstprosjekt: «Byløa» i uterommet i Førde, to installasjonar sett i lag med og i kontrast til Sunnfjord museum si samling, og ein ny installasjon produsert til Sogn og Fjordane Kunstmuseum. «Det vi har i lag» er kunstnaren si første separatutstilling på eit kunstmuseum.

Birkeland tek utgangspunkt i eigne røter og erfaringar i sitt kunstnarskap. Utstillinga er ei historiefortelling om fortid og samtid, og eit blikk mot framtida på Birkeland sin heimstad i Førde og Sunnfjord. Ein stad som har endra både visuell og sjeleleg karakter dei siste åra.

Både kultur- og naturarven i Sunnfjord pregar Birkeland i utvalet som inngår i installasjonen. Eit svartmalt rom med ulike gjenstandar lånt inn frå familie, kjende, ukjende og gjenbruksbutikken, skaper ei nostalgisk stemning. Rommet kallar fram både minner og kjensler om noko som høyrer til vår identitet og historie. Sju klossar av masseproduserte gjenstandar skaper eit gjerde på tvers av rommet. Dei er «komponert» på gjenvinningsstasjonen i Førde og er satt saman av vårt felles overforbruk som gjev store avfallsmengder. Avfallet har Maia Birkeland forvandla til estetiske skulpturar kor ein ser tydelege spor av kvardagsliv i Sunnfjord. I installasjonens ”grøne” del er det naturen sin intensitet, kraft og sårbarheit som vert synt fram. Som eit bakteppe, høyrast fire stemmer som ramsar opp trua blomsterartar frå mellom anna slåttemarka.

Birkeland gjer oss merksame på det vi tek for gitt, og at vår felles naturarv er truga for dei som kjem etter oss og at vi i lag står framfor desse utfordringane. Ho minner oss på det vi har i lag og det som står i fare for å verte borte. Korleis vala våre – som enkeltindivid og i fellesskap –  kan redde både kultur- og naturarv. ”Det vi har i lag” er ein tankevekkjar og eit håp om at vi saman kan ta gode val for framtida.

«Byløa» som opna 16. mai trekk linjer og referansar til verk som vert synt på Sunnfjord museum til «Det vi har i lag» på Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Kunstprosjektet er eit samarbeid med Førdefestivalen.

Maia Birkeland er utdanna ved Kunsthøyskolen i Oslo og Glasgow School of Art, med mastergrad i Medium- og materialbasert kunst frå 2015. Gjennom tekstil, tekst, skulptur og installasjon arbeider ho med tematikk som krinsar kring den gjensidige påverknaden mellom menneske, stad-menneske og menneske-stad.

www.maiabirkeland.no