Stipendet på 100.000,- er tildelt frå Bildende Kunstneres Hjelpefond.

Formålet er å stimulere til kunstnarleg verksemd i Sogn og Fjordane, og av den grunn må prosjektet finne stad i fylket. BKH-stipendet skal vere med på å styrke det regionale kunstfeltet i tilknyting til verksemda til kunstsentera. Stipendet er eit produksjonsstipend.

Kunstnarar med tilknyting til Sogn og Fjordane kan søke. Søknaden skal sendast digitalt som PDF og innehalde ein prosjektomtale, visuelt materiale og CV. Maks 5 sider og 5 MB.

Styret for Musea i Sogn og Fjordane annonserer stipendiat etter innstilling frå Kunstfaglig råd.

Stipendsum på kr 100.000,- kan fordelast på to kunstnarar.

Søknaden sendast digitalt til sfkm@misf.no innan 31. oktober.
E-post merkast med BKH-stipend 2017.

Tildeling innan utgangen av 2017.

Spørsmål rettast til avdelingsdirektør Janne Leithe: janne.leithe@misf.museum.no eller til sfkm@misf.no.