19:00 Dørene opnar. Kaféen sel økologisk suppe, kaker og drikke heile kvelden.
19:30 Omvising i Maia Birkeland si utstilling ved konservator Ingrid Norum
20:00 Føredrag om Agrarianisme ved Trine Antonsen, førsteamanuensis ved UiT

Det er ikkje urørt villmark, men landbruket som lærer oss kor avhengige vi er av naturen, meiner Antonsen. I doktoravhandlinga om AGRARIANISME utfordrar ho det klassiske naturvernet. Vi kan leve urbane liv med mat frå heile verda, utan å slite for føda. Likevel er ordet “småbruk” det mest nytta søkeordet på finn.no. Andelslandbruk er det jordbruksforma som veks raskast. Folk søkjer attende til jorda. Agrarianisme handlar om det gode liv og kor avhengige vi er av naturen. Men er det berre økofilosofi i moderne drakt eller faktisk noko heilt anna?
I samarbeid med Økoveka i Sunnfjord og Rom for ord. Billett kr. 100.