MØN

VESTLANDSUTSTILLINGEN 2018 - MAGNHILD ØEN NORDAHL - FRISBEEPERSPEKTIVET

Utstillinga vert opna 2. september kl. 13 av kunstnar og kurator Hans Carlsson.

'I know about aerodynamics and fluid dynamics and how things move through the air, about the certain size of rocket nozzles, and thrust. But that's not science, that's just a formula. There's no difference between science and science fiction.'

- Mad Mike Hughes

I utstillinga 'Frisbeeperspektivet' ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum syner Magnhild Øen Nordahl ein installasjon som tek utgangspunkt i jorda si form og to ekspedisjonar som hadde som mål å undersøkje denne. Den eine ekspedisjonen gjennomførte ho sjølv, og den andre vart utført av den sjølvlærte romrakettbyggjaren og konspirasjonsteoretikaren Mike Hughes frå California. Nordahl arbeider hovudsakleg med skulptur, og interesserer seg for kva føresetnader mennesket har for å skjønne korleis ting fungerer; vere det seg naturvitskaplege sanningar eller teknologien vi omgir oss med i kvardagen.

Utstillinga er kuratert av Randi Grov Berger og inngår i Vestlandsutstillingen 2018, ei annleis utgåve av den tradisjonelle landsdelsutstillinga. Vestlandsutstillingen består i år av seks separatutstillingar, og inkluderer visningsstadane Kunsthuset Kabuso, Sogn og Fjordane Kunstmuseum i samarbeid med Sunnfjord Kunstlag, Haugesund Billedgalleri i samarbeid med Haugesund Kunstforening, Kunstmuseet KUBE, Entrée og Kunsthall Stavanger. Kunstnarane er Ragnhild Aamås, Magnhild Øen Nordahl, Trudi Jaeger, Eivind Egeland, Karen Skog og kunstnarduoen Blomgren & Skuladottir, som samla utgjer ein breidde i det som skjer på den vestlandske kunstscena.

Magnhild Øen Nordahl (f.1985, Ulstein) bur og arbeider i Bergen der ho nett har starta ALDEA senter for kunst, design og teknologi saman med Cameron MacLeod. I haust startar ho på ein doktorgrad ved Universitetet i Bergen og ho har si tidlegare utdanning frå Kungliga Kunsthögskolan i Stockholm og Kunst- og Designhøgskulen i Bergen. Hennar arbeid har vert stilt ut ved blant anna Hordaland Kunstsenter, Astrup Fearnley Museet og Palais de Tokyo (FR).

Til utstillinga har kunstnar og skribent Hans Carlsson skreve det lengre essayet ’Ljoset frå horisonten’ som vert å finne ved SFKM.

Vestlandsutstillingen er støtta av Fritt Ord og Bergen Kommune.

Kunstnaren har mottatt støtte til utstillinga frå Norsk Kulturråd, Bergen Kommune, Billedkunstnernes Vederlagsfond og Sogn og Fjordane Kunstmuseum.