FRÅ LIKSKAP OG BRORSKAP TIL FRIDOM

- verk av Ludvig Eikaas, Bjørn Hegranes, Aase Kvikne Bjordal og Gunnar S. Gundersen.

Frå 1800-talets nasjonalomantikk og over i 1900-talets modernisme flytta tyngdepunktet for stilpåverknad seg frå Tyskland og sørover til det latinske Europa, og då særleg Frankrike. Bølgjene etter Cezanne, Braque og Picasso slo som ein tsunami inn over det norske kunstlandskapet i fleire tiår bortanfor episenteret Paris. Bølgja dreiv mot kysten og opp i dalstroka innafor og slo inn over kjellar og parnass. Ein kunne finne restar av kubistisk salt i tretoppane til langt ut på 1960-talet.

Sommarens utstilling på Eikaasgalleriet vil forsøke å syne korleis denne bølgja prega Ludvig Eikaas og andre norske kunstnarar i ein tidleg fase, før dei gradvis løyste på knappane i den latineuropeiske formtrøya og kultiverte talenta sine mot inspirert fridom.

Til denne utstillinga har vi valt ut verk frå samlingane i Eikaasgalleriet, Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde og frå Kystmuseet si store samling av Bjørn Hegranes.

Publikum vil få sjå arbeid av ulik status; usignerte skisser og forarbeid, tidlege arbeid, og verk som i større grad er moden frukt. For Eikaasgalleriet sine trufaste sommargjestar kan vi love at utstillinga òg vil by på “nye” verk av Ludvig Eikaas.

Kurator: Stein Sandemose Baardsen, SFKM

Fotografiet syner ein collage av grafikk av dei fire kunstnarane: frå venstre Ludvig Eikaas, Bjørn Hegranes, Gunnar S. Gundersen og Aase Kvikne Bjordal.