TRETOPPANES BLYGSKAP

Er det mogleg å fremje nye former for å leve saman utover individualisme og global konkurranse, sjølv om dette målet verker nesten uoppnåeleg? Er vi i stand til å etablere band basert på kompromiss, gjensidig forplikting og samarbeid, utan nødvendigvis å kvitte oss med våre indre forskjellar? Kva praktiske, teoretiske og symbolske handlemåtar kan vi førestille oss gjennom kunst, midt i den noverande sosio-politiske konteksten som styrast av sterke motsetnadar og splitting?

Tretoppanes blygskap er eit botanisk fenomen der tre definerer grensa for kor mykje dei veks slik at ulike artar konkurransefritt kan sameksistere i himmelkvelven. I den store mengda forsking som har vore gjort på eit slikt medvit hos tre, er vårt utgangspunkt deira interne kommunikasjonssystem. Gjennom utveksling av kjemiske signal vernar dei seg mot førekomsten av sjukdommar, mot negativ påverknad frå miljøet rundt dei og set grenser for sitt eige livsrom i samband med andre tre. Desse naturlege infrastrukturane i vegetasjonen skaper "skuggehol": hol mellom trekronene som berre lett - om nokon gong – kjem borti kvarandre. Trea er til dømes einige om å la lyset sive gjennom, samstundes som dei hindrar inntrenging av element som er skadeleg for livet i gruppe. Slike kanalliknande hol er i denne samanheng tolka som rom for moglegheit.

Den poetiske observasjonen av dette fenomenet utfordrar nokre av dei moderne leiande oppfatningane av naturen, kor den sterkaste alltid rår i kampen for overleving. Denne kollektive intelligensen, denne omsuta for kva som er bra for fellesskapet, kan gje oss eit perspektiv på vår samtidige eksistens og minne oss på eit akutt behov for handling - som medlemar av eit samfunn - med sikte på å skape eit økosystem der relasjonar, møter og utvekslingar framleis kan komme frå sameksistens. Lærdommen frå trea utfordrar grunngjevinga for vill konkurranse i vårt noverande sosio-økonomiske rammeverk.

Med potensialet i ein slik metafor som utgangspunkt, tek denne utstillinga føre seg kunstnarlege framgangsmåtar som fremjar eller gjer synlege ulike scenario vigd til det å leve saman og lære av kvarandre samstundes som vi godtek at vi er annleis og ulike. Den vurderer omgrepet samfunn/ fellesskap i dag, gjennom kunstverk som bidreg til ei breiare forståing av kva det inneber (men utan å nekte for at konflikt, ustabilitet eller sårbarheit finst). Å setje ut på ein søken etter nye horisontar, som bygger på vår kompleksitet, våre motsetningar og veikskapar, for å leve side ved side og skape meir subtile og fleksible band med andre for å verte sterkare saman. Med dette målet for auge, legg denne utstillinga vekt på meir intuitive, poetiske læringsmetodar og tilnærmingar til naturen, utanfor grensene av vitskapeleg kunnskap.

Arbeida som vert presentert på Sogn og Fjordane Kunstmuseum inviterer publikum til å kjenne på omskiftingane i menneskelege relasjonar, til å verte merksame på sine eigne kroppar i forhold til andre, samt til å oppdage ulike former for deling og utveksling av tid, rom og kunnskap. Det heile dannar ein "sosial skulptur", som kan minne oss om ulike kjensler som oppstår ved grasrotrørsler sine sitt-ned-aksjonar og marsjar, kor kommunikasjon med andre skjer utan ord og finn sitt største uttrykk i foreining av kroppar. Enkeltpersoner, som trær, syner seg frå dag til dag, sjølv om handlingane deira ikkje alltid er synlege ved første augekast. Vi står no ovanfor utfordringa med å drømme og bygge, i ein felles innsats, ekte rom for kritikk, ønsker og forvandling, samstundes som vi ikkje berre tek omsyn til det som fører oss saman, men òg til kva som skil oss. Korfor ikkje starte frå eit radikalt fantasibilete, eller til og med eit eventyr, om det gjev oss eit verkemiddel for å nå målet?

Representerte kunstnarar: Lara Almarcegui, Helena Almeida, Kader Attia, Dora García, Amalia Pica, Rita Ponce de León og Tania Solomonoff, Alex Reynolds, Cecilia Vicuña...

I samarbeid medMARCO, Vigo og FRAC Lorraine, Metz (49 Nord 6 Est).

Kurator: Beatriz Alonso, Spania, vinnar av MARCO/ 49 Nord 6 Est/ SFKM Prisen for unge kuratorar 2016.

Koordinator: Ingrid Norum, SFKM

Med økonomisk støtte fråAcción Cultural Española - Programa para la Internacionalización de la Cultura Española.