ANDERS SVOR (1864-1929)
Bilethoggaren Anders Svor vart født i Hornindal 14.desember 1864. Gjennom generasjonar, både på mor- og farssida, hadde det vore dugande felespelarar, songarar og smedar i slekta. Anders viste seg allereie som tolvåring som ein dugande treskjerar. Som syttenåring fekk han arbeid som treskjerar ved Brødrane Hals pianofabrikk i Kristiania, samstundes som han var elev ved Den Kgl. Tegneskole. I 1886 -1888 var han student ved København Kunstakademi, der han mellom anna hadde professor Theobald Stein som lærar. Han vart buande i København heilt fram til 1892, som elev av Stephan Sinding  og Vilhelm Bissen. I 1891 fekk han sitt kunstnarlege gjennombrot då han vant gullmedalje for skulpturen David på den internasjonale kunstutstillinga i Berlin. Han deltok på utstillingar i Kristiania, København, Brighton, Chicago, og verdsutstillingane i Paris og Rio de Janeiro. Etter København-tida budde han i heimbygda ein kort periode, før han i 1893 reiste attende til Kristiania. Under eit stipendopphald i Paris i 1894-95, vart Svor svært fenga av Auguste Rodin sitt kunstnarskap, og i skulpturen Adam og Eva er det mykje som tyder på at han hadde lete seg inspirere av Rodin sin skulptur Tenkjaren. Etter Paristida slo han seg ned i Kristiania for godt. Der budde og arbeidde han, med avbrot av nokre korte periodar med arbeid ved Nidarosdomen, til han døde 2. mai 1929, 64 år gamal. 

Anders Svor arbeidde i ein naturalistisk og nyromantisk stil. Han  levde i ei tid då det var lite med arbeidsoppgåver for bilethoggarar, og det var langt mellom større oppdrag. Det var heller ikkje til å unngå at glansen av Gustav Vigeland kanskje kasta meir skugge over andre samtidige bilethoggarar enn fortent var. Likevel fann fleire av Anders Svor sine mest kjende verk plass i det offentlege rommet. I Oslo står fonteneskulpturen Bylgja i Skillebekkparken, Etter badet ved Bislett bad, Ein symjar i Kampen park, og det er Anders Svor si løve som vaktar kongeinngangen til Nationaltheatret. Elles er Anders Svor representert i Porsgrunn med Forliste sjømenn, i Moss med Diskoskasteren og, ikkje minst, i Tønsberg med den store statuen av Sven Foyn. Gustav Vigeland skal ha karakterisert sistnemnde som ein av dei beste portrettstatuane laga i Noreg. 

ANDERS SVOR MUSEUM - SAMLING, GALLERI OG SKULPTURHAGE
Anders Svor etterlet seg om lag 450 skulpturar i atelieret i Oslo. Av desse var dei fleste i gips eller leire, og berre nokre få i bronse. Arvingane vart samde om at samlinga skulle heim til Nordfjord. I fyrste omgang vart arbeida lagra tett samanstua i den gamle ljorestova på Svor. I 1941 overdrog arvingane samlinga til Hornindal kommune, på vilkår at det vart reist eit eldfast museumsbygg. Grunna krigen og tronge økonomiske tider vart ikkje bygginga sett i verk før i 1951. Anders Svor Museum vart opna 12. juli 1953. Samlinga er på om lag 560 arbeid, inklusive skisser og utkast. 

Hornindal kommune eig Anders Svor museum og samlinga. Frå 2004 er drifta av museet konsolidert med Sogn og Fjordane Kunstmuseum som står for den faglege forvaltninga av samlinga.