MIDTSOMMARKONSERT I EIKAASGALLERIET, LAURDAG 23. JUNI KL. 13

Distriktsmusikarane Thomas Aanonlie frå Gloppen og Helga Lied Wyrtz frå Førde møtest i fagre Jølster og spelar midtsommarkonsert! Dei to har gjennom fleire år hatt musikalske samarbeid på Gloppen Musikkfest, og har lenge drøymt om å dyrke samspelet meir. Det er første gong dei får sjansen til å gjere ein heil konsert saman!

Thomas spelar slagverk med hovudvekt på melodiske instrument, medan Helga spelar tverrfløyte. Programmet er eit resultat av nitid leiting etter god, stemningsfull musikk som er moro å spele saman, det spelast både nyare og hundreårgamle komposisjonar. Eikåsgalleriet er ei veldig flott ramme rundt konserten, og vi vonar mange vil komme og få litt påfyll før St. Hans-feiringa - med eller utan bål.

I samarbeid med Førde Kulturskule.
Foto: Geir Skagen