20 COASTAL STATIONS - et internasjonalt tresnittprosjekt.
Langsam-TV frå kyst og jernbane, slow food og andre alternativ til hektisk og kjapt, har stødig langsam vind i segla. Med dette reisande grafiske prosjektet har 6 kunstnarar av ulik nasjonalitet, i 1800-talskunstnaren Hiroshige si ande, ført langsam grafikk inn i ei digital tid.

Prosjektet tek utgangspunkt i den japanske tresnitt-teknikken mokuhanga, og kunstnarane Bess Frimodig og Åsa Andersson, Sverige, Annu Vertanen, Finland, Katsutoshi Yuasa, Japan, Elisabet Alsos Strand og Karen Helga Maurstig, Norge, ønsker å fornye og vitalisere teknikken. Dei to norske kunstnarane er prosjektleiarar.

Dei seks kunstnarane gjorde i august 2015 ei sjøreise med Hurtigruten langs Norskekysten frå Bodø til Bergen; ein 18 dagar lang reisande residens, med oppleving av natur og kultur, parallelt med utforsking av tresnittet. Målet var å utfordre kvarandre til å opne for nye problemstillingar og moglegheiter. Reisa følgde historiske forskingsekspedisjonar si kurs mot nord – berre i motsett retning.

Hiroshige (1797-1858) vart vidgjeten for skildringa av reisa mellom Kyoto og Edo i serien ”53 stasjoner på Tokaidovegen” – inspirasjonskjelda til «20 Coastal Stations». Den lange kystlina og livet ved sjøen har prega både den japanske og den nordiske kulturen, anten det har ført folk ut av kjende farvatn, eller som i Japan, har vore en isolerande faktor.

Dei japanske tresnitta vart raskt populære då dei kom til Europa på slutten av 1800- talet, og gav nye impulsar til den vestlige biletkunsten. Ukiyo-e betyr ”bilete frå ei flytande verd”. Tresnitta skildra livet under Edo- perioden (1600 -1800) i Japan, og hadde ei viktig sosial rolle i samfunnet. Den vatn baserte teknikken  «mokuhanga», er høgt utvikla og samansett handverk: Frå produksjon av langfibra papir, utskjering av plater i hardt kirsebærtre, til sjølve trykkeprosessen med innfarging og trykking av nøyaktig registrerte trykkplater. Papirmakar, treskjærar og trykkar samarbeidde i framstillinga av kunstnaren sitt bilde.

Eit nettverk av kunstnarar, handverkarar og teoretikarar freistar å hindre at handverket og kunnskapen går i grava med gamle meistrar, gjennom Artist-in-Residency- program og konferansar i Japan og resten av verda. Karen Helga Maurstig og Elisabet Alsos Strand  deltok begge på 1st International Mokuhanga Conference 2011 i Kyoto og Awaji.

I samband med utstillinga ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum, vert det arrangert seminar 7. og 8. oktober. Seminartema er knytt til grafikk, handverk og prosess i høve til dagens bodskapsmedium, ”det nordiske” i høve til japansk estetikk. Sjå eige seminarprogram.
Seminaret er gratis og ope for alle, men begrensa med plassar, difor ynskjer vi påmelding.