EG VEL MEG EIT VERK I UTSTILLINGA KROPP & SJEL

Oddleiv Apneseth, Julebad, 24. desember, Helgheim, 2008-2009
Fotografi, SFKM-001954, kjøpt 2017

Gjennom heile 2008 hadde eg fotograf Apneseth som leigetakar i Eikaasgalleriet. Saman med Silja Juklestad og fotograf Vegard Fimland dokumenterte han kvar dag kva som føregjekk i Jølster. Mange spennande historier vart utveksla over ein kaffikopp i galleriet. I 2009 vart mykje av prosjektet vist i Eikaasgalleriet, i ei utstilling med stort besøk. Eine veggen i kafeen vart tapetsert med Apneseth sine bilete og denne veggen er framleis intakt.

Motivet kan vel òg trygt seiast å ha hatt innverknad på kropp og sjel i min familie. Vidar prest sine bad i Jølstravatnet vart lagt merke til.  Det bygde seg etter kvart opp ein konkurranse i familien i høve Vidar prest om å vere den første som bada i Jølstravatnet. Sidan Vidar prest ofte tok eit bad i samband med gudsteneste, måtte vi 1. nyttårsdag vere i Jølstravatnet før kl.10 for å vere først. Dette har utvikla seg til ein tradisjon i familien der fleire badar og eg er fast fotograf. Eg har til og med ein son som har hatt bading kvar månad gjennom heile året som 4H-prosjekt.

Solveig Berg Lofnes
Museumsstyrar Astruptunet og Eikaasgalleriet