Fellesrom

FELLESROM - Lærdalslandskap hos Hans Gjesme og Jens Hauge
I sommar stiller Sogn kunstsenter ut landskapsbilete med motiv frå det området av Lærdal som målaren Hans Gjesme arbeidde i. Vi syner fram måleri, men òg teikningar og skisser frå Gjesmesamlinga, i lag med landskapsfotografi av kunstnaren Jens Hauge.

Hans Gjesme (1904–1994) vaks opp på garden Voll i Lærdal. Etter kunstutdanning i Oslo og Paris kom han attende til heimstaden mot slutten av 1920-talet.

Psykiske lidingar bremsa ei fram til då lovande kunstnarkarriere. Gjesme avgrensa kontakten med omverda og nytta barndomsheimen på Voll som atelier og bustad. Det nære landskapet vart motivet. Desse tun-nære bileta utgjer eit stort volum i Gjesme sin omfangsrike produksjon. Dei syner det store landskapsrommet mellom Tynjo og Hynjahovden, omkransa av fjell, gjel og fossar - og så Tynjadalen, ein sidedal til hovuddalføret som munnar ut tett ved heimstaden hans. Dalen og fjella rundt vart ”motivreviret” til Hans Gjesme i fleire tiår.

Gjesme måla det intense landskapet, med blå slagskuggar og nærast fluoriserande grønnyansar i motlyset. Landskap frå alle årstider er framifrå formidla, dirrande av energi. Men han laga òg tunge, mørke og meir depressive landskaps-skildringar. Dei mange skisseblokkene han let etter seg, gjev eit innblikk i korleis han arbeidde. Dei er i mange storleikar, frå små handinnbundne laga av ein ivrig Gjesme som skulegut, til tjukke A2-blokker fylte med skjelvande energisitrande strekar frå ein nær 90 år gamal kunstnar.

Gjesme arbeidde seint og tidleg. Livsverket donerte han til Lærdal kommune, og det er dette som no utgjer Gjesmesamlinga på over 1500 registrerte verk.

Etter 16 år som pasient på Gaustad psykiatriske sjukehus kom Gjesme i 1971 enno ein gong attende til Lærdal og barndomsheimen på Voll. Jens Hauge, oppvaksen om lag 5 kilometer frå heimstaden til Gjesme, var 18 år den gongen. Hauge kjende broren, Olav Gjesme, men hadde aldri høyrt om Hans og kjende heller ikkje til arbeidet hans. Ved eit hendeleg samantreff kom Jens Hauge inn i stova til Gjesme og fekk sjå bileta som hang på veggane. Kunstinteressert som han var, skjønte han med ein gong at her sto han framfor ein kunstnar som kunne handverket sitt. Han vart forbausa, imponert, gripen, glad og inspirert. Dette var stort!

Gjesme skjøna at unge Hauge hadde ei meir enn gjennomsnittleg stor interesse for, og kunnskap om kunst, så Hauge fekk komme fleire gonger. Det vart mange vitjingar i åra som kom. Kvar gong synte Gjesme fram noko nytt. Skisseblokker, teikningar han heldt på med nett no, dungar av måleri som låg utan ramme på loftet, skulpturar og grafikk; huset verka nærast utømmeleg.

Det å få sjå arbeida til Hans Gjesme vart til stor inspirasjon for Jens Hauge. Dei vart vener, og Hauge var glad for å kunne hjelpe han litt med praktiske ting som kjøp av materialar han trong. Og så hjalp Hauge han med å få utstillingsplass på Kunstnernes Hus i Oslo. Å få stille ut der, det løfta Gjesme.

Det er Hans Gjesme sitt «motivrevir» som legg premissane for denne utstillinga. Jens Hauge har arbeida ein del i det same landskapet sidan 1970-talet og syner her fram sine tolkingar av det. I motsetnad til Hans Gjesme har Hauge arbeidd med landskapstolkingar i heile Lærdal, frå fjordbygdene i vest til fjella i aust. Men utvalet av bilete på denne utstillinga er altså frå ”Gjesmeland”.