EG VEL MEG EIT VERK I UTSTILLINGA KROPP & SJEL, av Eirun Margreth Leknes

Jenny Marie Rydhagen (1965), Killing Me Softly I og II, før 1995
Olje på lerret, SFKM 1474 og 1475, gåve frå Norsk kulturråd 1995

No er underteikna ingen kunstkjennar, og sjølv om eg jobbar ved museet går eg ikkje so mykje rundt i utstillingane og ser.  Dette er noko som er oppført på lista over nyttårsforsett.

Då eg fekk denne oppgåva tenkte eg først at dette var litt håplaust..., men eg tok utfordringa. Det var veldig mange spennande og flotte verk å velje iblant, men etter nokre rundar vart eg heile tida dregen mot desse to bileta av Jenny Marie Rydhagen. Når eg stod framfor dei følte eg ei veldig ro. Og det gjorde godt å berre stå der og nesten verte litt «oppslukt» og «pakka inn». Då eg såg at kunstnaren hadde kalla dei «Killing Me Softly» var det mest som om eg kunne høyre Fugees spele  i bakgrunnen, og det heile gav litt meining….

Når du vert som ein knapp som vert skvisa ned i ei sofapute… i desse harde budsjettider med nedskjeringar over alt i samfunnet, og elles mykje som er i tankane både på jobb og heimebane i denne travle førjulstida. Det var eit godt og avslappande augeblikk. Takk for eit fint avbrekk.

Eirun Margreth Leknes
kafeansvarleg ved kafe Sobra