EG VEL MEG EIT VERK I UTSTILLINGA KROPP & SJEL, av Inghild Marie Venås

Astrid Skåtun (1924-2014), Keiserinnens nye klær, 1974
Skulptur i tre, SFKM-001123, gåve Norsk kulturråd, 1988

«Keiserinnens nye klær» var eit av dei første verka eg minnast frå samlinga til Kunstmuseet. Den gong heldt vi til i kjellaren på Røde Korsbygget og heitte Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane. Sidan ho er av den heller robuste sorten fekk eg gleda av å ha ho ståande på skrivebordet mitt ein periode, og eg  må vel vere ærleg og sei at eg den gangen nok helst såg den humoristiske sida av skulpturen, og hadde ikkje nokon djuptgåande meining om den. Keiserinna står fram som ho er vel nøgd med tilværet, frodig, sjølvtilfreds og trygg - og splitrandes naken.

Sidan eg er den som møter publikum til dagleg, vert det stadig spørsmål om kva eg trur og meiner om dei ulike kunstverka. Å gje seg ut på noko analyse av kunstverk, på vegne av både kunstnar og publikum, skal ein vere forsiktig med, men når eg no møtte «keiserinna» att, vart det klart for meg kva tittelen kan ha å seie  for eit verk. Førsteinntrykket er som sist: humoristisk, og hadde skulpturen vore utan tittel ville den kanskje stått fram som einast det, men tittelen sine parallellar til eventyret «Keiserens nye klær», får fram ei anna side av skulpturen, og den set fokus på noko som er kanskje endå meir aktuelt i dag enn ved vårt første møte i 1992. Eg får assosiasjonar til nokre av notidas bloggarar, eller influensarar som det so fint heiter, og hysteriet runde desse. Ungdommar som knapt har levd skal fortelje oss korleis vi skal sjå ut og leve, og media deler ukritisk bodskapen vidare i sin higen etter «klikk».

Inghild Marie Venås
Butikk- og resepsjonsansvarleg