EG VEL MEG EIT VERK I UTSTILLINGA KROPP & SJEL, av Berhanu Mekonen

Elisabeth Steen, uten tittel, 1986
Skulptur i pappmasjé, hønsenetting og tekstil, SFKM 1573, gåve frå kunstnar, 2003

Då eg første gangen såg denne skulpturen, heilt attende på Prestebøen i 2012, lurte eg på kva i all verda vi hadde kjøpt inn, og kva vi hadde betalt for denne skjøre figuren, sett saman av hønsenetting, pappmasje, som eg den gangen trudde var gips, og anna, plassert på ein palle.

Eg lurte på korleis vi skulle klare å flytte den utan at den gjekk heilt i oppløysing. Kva ville det koste å konservere den?

Men den visste seg å vere meir robust enn førsteinntrykket. Den vart flytta frå Prestebøen til det nye kunstmuseet, og so dukka han opp att i utstillinga «Kropp & Sjel», like tander som før, men med eit sterkt uttrykk.

I dag ser eg skulpturen i eit heilt anna perspektiv, og eg tenker på at menneske, ja, heile verda kan forstå uttrykket til denne skulpturen, den er universell. Den representerer det skjøre hjå oss, mentalt og fysisk, den uttrykker sorg, fortviling, depresjon…

Av jord er du komen, til jord du skal bli…

Berhanu Mekonen
Museumsteknikar