MUSEET SI HISTORIE
Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM) vart oppretta i år 2000, som ei vidareføring av Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane. I 2004 vart SFKM organisert som ei stifting med Sogn og Fjordane fylkeskommune, kunstnarorganisasjonane i Sogn og Fjordane, og kommunane Førde, Jølster, Hornindal og Lærdal som stiftarar. 

Frå 2009 er SFKM organisert i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MISF). Verksemda vert finansiert gjennom statlege, fylkeskommunale og kommunale tilskot og eigne inntekter.

DRIFTSEININGAR:
Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM) i Førde (nybygg i sentrum opna i 2012) er ei vidareføring av Fylkesgalleriet  i SF (skipa i 1987) og Sogn og Fjordane Kunstnarsenter (opna i 1983)
Anders Svor Museum i Hornindal (opna i 1953)
Astruptunet i Jølster (opna i 1986)
Eikaasgalleriet i Jølster (opna i 1994)
Sogn Kunstsenter i Lærdal (opna i 2011, vidareføring av Gjesmegalleriet som opna i 1998).

Museet deltek i det nasjonale kunstformidlingsnettverket og deltek i fleire samarbeid med andre kunst- og kulturaktørar. 


Sogn og Fjordane Kunstmuseum forvaltar om lag 4000 kunstverk frå ca. 1900 og fram til i dag. Samla besøkstal for våre fem driftseiningar har dei siste åra variert omkring 20.000 besøkande per år.

 

STIFTINGA MUSEA I SOGN OG FJORDANE
Styreleiar:
Laura Kvamme

Direktør: Kjartan Aa Berge
tlf. 41446439, e-post: kjartan.aa.berge@misf.museum.no

Adresse: Gota 16, 6823 Sandane 
Org.nr. 994 179 136

Meir om Musea i Sogn og Fjordane: www.misf.no