KRIG OG FRED OG RELIGION OG POLITIKK OG SÅNN... - BASISUTSTILLING

Ein stor del av samlinga på 900 verk i Førde har ein engasjert tematikk. Ulike kunstnarar har skapt verk med brodd og vidd, med teknikkar som måleri, grafikk, fotografi, skulptur, tekstil, porselen, glas, bronse, tre og ready made.

Verka er laga i tidsrommet frå 1970 og fram til i dag. Dei handlar om alt frå konflikter, som Vietnam-, Afghanistan- og Balkankrigen, til kontrastar mellom fattig og rik, nord og sør, ironiske nasjonalkjensler, EU-kamp, innvandring, tru, miljøvern, dyr og etikk, abortkamp osb.

Kunstverka er samla inn gjennom innkjøp, gåver til Fylkesgalleriet si avdeling for refusert kunst og fordelingar frå Norsk kulturråd. Fleire av verka har ikkje vore vist etter at dei kom til museet og mange er det lenge sidan vi har hatt høve til å syne fram. No har vi endeleg fått gode visingsforhold og kan lage ei utstilling som fortel om korleis kunstnarar dei siste 45 åra har reagert på hendingar i si samtid, korleis dei har vald å dele/skildre sine inntrykk og kanskje til og med prøvd å påverke opinionen.

Representerte kunstnarar:
Christian Backer-Owe, Gunnhild E. Bakke og Anne-Britt Rage, Ellen Bang, Arild Bergstrøm, Heidi Bjørgan, Øyvind Botn, Ludvig Eikaas, Ove Enehaug, Ola Enstad, Maria Almås Frantzsen, Trygve Goa, Finn Graff, Rolf Groven, Elisabeth Haarr, Kjellaug Haugen Holter, Tor Haugstvedt, Jiri Havran, Benny Hellberg, Paul Sullivan Hellsegg, Elsie-Ann Hochlin, Adolph Denis Horn, Vibeke Jensen, Trond Knutli, Morten Krohg, Wenche Kvalstad Eckhoff, Victor Lind, Jennifer Lloyd, Frøydis Lunde, Sidsel Moe, Tove Mosebekk, Marie-Ann Mürer, Øyvind Osjord Åstein, Knut Rose, Ole Rosén, Egil Røed, Terje M. Skare, Kjartan Slettemark, Vibeke Tandberg, Per Christian Vatn, Gunnhild Vegge og Lasse Kolsrud, Morten Viskum, Tao Yu og Arne Öhnell. 

Verk: Christian Backer-Owe, "Liten tolvskillingsopera", 1978,
7 x 9,5 x 1,3 cm, gåve frå Norsk kulturråd i 1988, SFKM 1111.

"Tolvskillingsoperaen er eit teaterstykke av Bertold Brecht skreve etter første verdskrigen i eit skakkjørd Tyskland. Stykket formidlar skarp samfunnssatire via svart humor og folkeleg musikk, og handlar om menneska sin utilbørlege trong til å trakke på kvarandre. Det stiller spørsmål ved styresmaktene sin objektivitet og kritiserer kapitalismen og den hierarkiske inndelinga av menneske i samfunnet.

Backer-Owe sitt nydelege vesle verk måla på lær og ramma inn i kostbart sølv står i sterk kontrast til innhaldet som syner at verda er grunnleggande urettferdig og at avstanden mellom den armaste fattigdom og den mest ufattelege rikdom er kort."

kurator Ingrid Norum