Jeg

LUDVIG EIKAAS - KUNST OG LIV - BASISUTSTILLING
Ei frodig og fyldig utstilling med verk frå den rikhaldige samlinga. Vi sett fokus på nokre av dei tema Eikaas stadig vende attende til; dyr, stilleben, urbanitet og abstraksjon, bylivet, portrett av kunstnarar og mesenar, arbeidsliv- og typeskildringar og bilete med musikk og kjende musikarar som tema. Eikaas er kjend som ein utprøvande og spontan kunstnar.

Uttrykket i denne utstillinga spenner frå det sarte til det harde, frå det nærast naturalistiske til det abstrakte. Teknikkane varierer frå måleri, grafikk og skulptur til collage og readymades. Det er òg ein større biografisk del i utstillinga med verk som skildrar familien, stader Eikaas var knytt til, sjølvportrett og mediarelaterte verk i lag med avisutklipp og fotografi.