NYHENDE

No finn du mange verk frå samlingane vi forvaltar på Digitaltmuseum.no. Med om lag 1500 søkbare objekt er vi på 3. plass av dei norske kunstmusea, etter Nordnorsk Kunstmuseum i Tromsø og Nasjonalmuseet i Oslo.
Du finn verk av Nikolai Astrup, Ludvig Eikaas, Hans Gjesme og dei fleste av kunstnarane som er representerte i samlinga ved SFKM i Førde. Du kan mellom anna søke på kunstnar, tittel, 6 ulike typer objekt, 242 emneord og i 3 periodar.
Lykke til!

Anders Svor Museum vert frå og med 2020 dreve av Stiftinga Musea på Sunnmøre. 
For spørsmål ang. museet eller sesongen 2020 ta kontakt med dei på: 
Telefon: 70 16 48 70
E-post: postmottak@mupsu.no
Sjå nettsida: Sunnmøre Museum

Eirin Mailund Svendsen er tilsett i engasjement som kurator/formidlar ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Eirin kjem frå stilling som prosjekttilsett ved Oslo Museum. Ho har tidlegare arbeidd ved Museene i Akershus. Eirin har ein bachelor i kunsthistorie og master i museologi- og kulturarv frå Universitetet i Oslo (masteroppgåve: «Kvinner på tvers av tiden.