Karina Siegmund

BIOPHILIA HYPOTHESIS - TELL ME YOURS, I TELL YOU MINE

- Eit møte med havet. Eit vove landskap - Karina Siegmund

Karina Siegmund lagar audiovisuelle biletvevinstallasjonar, og bruken av lyd og lys gjev publikum opplevingar av mønster i rørsle. Motiva hennar er tekne frå naturen, som eit stormfullt skydekke på himmelen (The Mountain), vatn i ein foss (Let Me Take You to a Waterfall) eller havet si overflate i denne utstillinga ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Tekstilane inviterer oss til å dvele ei stund i augneblinken.

Siegmund sine arbeid peiker på det moderne mennesket si fråkopling i frå naturen. Vi orienterer oss dagleg gjennom innovativ teknologi og bruk av digitale sosiale media, men den røynda vi opplever der er redigert. Kva rolle speler den veksande digitaliseringa av den reelle verda, og er det ein samanheng med tilstanden til kloden vår?

The biophilia hypothesis suggests that there is an instinctive bond between human beings and other living systems.
(https://en.wikipedia.org/wiki/Biophilia_hypothesis)

Siegmund «sankar inn» inntrykk frå naturen, via foto, video, lyd- og lysstudiar, og nyttar dei som mønsterskapande element i biletveven, ved bruk av digital veveteknologi. Motivet i dette prosjektet er havet sine ulike tilstandar. Vassoverflata forma av vær og tidevann - eit synonym for vårt indre emosjonelle landskap. Havet kan være roleg og stille, eller røft og oppfarande.

Verkstaden til Siegmund er utstyrt med ei handstyrt digital TC2 vevemaskin, som gjer det mogleg for ho å veve ut videostillbilete. Dei vert til mønsterskapande element for knutepunkta, den organiseringa av dei horisontale og vertikale trådane ein vevnad er sett saman av. Vevstolen er handstyrt, noko som gjer det mogleg for Siegmund å ta i bruk meir utfordrande og alternative innslagsgarn/ materiale, enn det ein automatisk styrt industrivevemaskin kan tole. Hovudmaterialet i denne utstillinga er papir, som ho teiknar med lys, farge og mønster på. Papirgarn kjem i ulike formar og utsjånadar, noko som er med på å gje form og mønster til temaet i dette prosjektet – havoverflata. Organiseringa av materiala gjennom knutepunkt, gjev ein slags dialog mellom materiala brukt i vevnaden – og får fram eit heilt nytt og eige språk. Handveving er ein viktig prosess i kunstnaren sitt materialbaserte arbeid. Det taktile engasjerer sansane meir enn det å sjå. Dette samspelet, mellom motivet i film/lysprojeksjonen projisert på veven og mønsteret og materiala i sjølve veven – skaper eit motiv i rørsle.

Siegmund sitt mål er å utforske eit nytt formspråk, der materiala sine formgjevande og funksjonelle eigenskapar, i kombinasjon med elektroniske element som lys og lyd, gjev tilskodaren ei kjensle av å være omfamna av ein biletvevinstallasjon, eit vevd landskap som talar til sansane våre.

Karina Siegmund (1979) bur og arbeider på Stadlandet i Sogn og Fjordane. Ho har master i Fine Arts frå Kunsthøgskulen i Bergen og utdanning i tekstildesign frå Kunsthochschule Berlin Weißensee. Kunstnaren har hausta stor vørdnad for arbeida sine og har delteke på utstillingar i inn og utland. I 2012 stilte ho ut på kunstmessa Talente 2012 i München og mottok «The Talente Award for Best International Textile Art for emerging artists under the age of 33». Her heime har ho blant anna stilt ut på Nasjonalmuseet i Oslo, Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Vevringutstillinga.­­­­

Følg med på førebuingane hennar eller finn ut meir om kunstaren på: 

Instagram eller hennar heimeside

Utstillinga er støtta av Billedkunstnernes vederlagsfond og Kulturdepartementet.