LITTERÆR FESTSTUND MED FLØGSTAD, FLIFLET & YTTRI

SØNDAG 24. NOVEMBER KL. 14-16 VED SOGN OG FJORDANE KUNSTMUSEUM.

Aust i Finnmark oktober 1944: Kcenia Nyslåttbuktmo vaskar hjartet til den vesle Pøyken sin med snø, skurar ned heile huset, mjølkar kua. Finnmark brenn. Frå London kjem fabrikkarbeidar og fenrik Olav Sima («Han kan rima!») med oppdrag å avhøyra ein tysk offiser med mykje å lyga om.

Etter freden, midt i Oslo, leverer advokatane skarpskodde skriv om kor lite hopehav det var mellom norske kapitalistar og tyskarane. Pengar luktar ikkje, bortsett frå ein mild eim av cyanid. Etterkrigstida strammar grepet. På underjordisk vis er verda kabla saman. Vest møter Aust, i Norge og i den vide verda.

«Due og drone» er forteljinga om dette. Romanen får overstrøymande mottaking av meldarane i bokhausten. Terning etter terning syner seks auge og boka vert omtalt som ei litterær storhending.

Vi har gleda av å invitere til ei feststund med forfattaren på fire scener i Sogn og Sunnfjord i slutten av november. Kjartan Fløgstad har gjeve ut over 50 bøker sidan debuten i 1968. Han har prega både den litterære og politiske debatten i Noreg. For boka Dalen Portland fekk han i 1978 Nordisk råds litteraturpris. I 2008 fekk han Brages ærespris. «Due og drone» er eit nytt høgdepunkt i forfattarskapen.

Til å leie festen og samtale med forfattaren har vi fått med oss historikar ved Høgskulen på Vestlandet Gunnar Yttri. – Eg er ein stor Fløgstad-fan, seier Yttri. Mange kjenner han også som gitarist, songar og mannen bak ord og tonar i bandet «Billa and the kid». Til glede for Gunnar Yttri sin eigen fanskare kan vi love at han kjem til å ta med gitaren.

Kjartan Fløgstad er også poet og songlyrikar, i programmet blir det både song, lesing og historier frå denne delen av forfattarskapen. Gabriel Fliflet er har sett tone til fleire av Fløgstad sine dikt og slår fylgje både på trekkespel og flygel gjennom den litterære feststunda.

Programmet er utvikla av Svidal skriveri for Rom for ord med støtte frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Nasjonalbiblioteket.

Arrangementet er i samarbeid med Sogn og Fjordane kunstmuseum.