LEDIG ENGASJEMENT SOM KURATOR/FORMIDLAR VED SOGN OG FJORDANE KUNSTMUSEUM

Kurator/formidlar – 12 månaders engasjement (med moglegheit for forlenging)
Søknadsfrist: 12. november 2019

Kort om museet

Sogn og Fjordane Kunstmuseum ligg i Førde sentrum. Kunstmuseet sitt arbeidsområde er regional kunsthistorie, med vekt på 1900-talet og samtidskunst, og er den viktigaste staden for framvising av kunst i Sogn og Fjordane. Kunstmuseet samarbeider i det nasjonale kunstmuseumsnettverket og er engasjert i internasjonale utstillingar og samarbeidsprosjekt. Museet har og ansvar for kunstsenterfunksjonar. Sogn og Fjordane Kunstmuseum har i tillegg driftsansvar for Astruptunet, Eikaasgalleriet og Sogn Kunstsenter. Sogn og Fjordane Kunstmuseum er ein del av stiftinga Musea i Sogn og Fjordane.


Arbeidsoppgåver

Stillinga som kurator/formidlar omfattar arbeidet med formidling (idéutvikling, omvisningar, koordinering, tekstproduksjon, nettsider, nyheitsbrev m.m.) og med museets utstillingar (idéutvikling, kuratering) i tillegg til noko samlingsrelatert arbeid. I stillinga vil du jobbe tett saman med avdelingsdirektør, vår konservator og resten av staben i arbeidet med å forberede og gjennomføre utstillingar. Noko avlasting i resepsjonen/museumsbutikken og anna museumsrelevant arbeid må påreknast.


Kompetanse og kvalifikasjonar

Vi søker en person med:

  • kunsthistorisk kompetanse på minimum masternivå eller tilsvarande
  • relevant IKT-kompetanse
  • førarkort, klasse B

Søkar må beherske norsk (begge målføra) og engelsk skriftleg og munnleg og ha god kommunikasjonsevne.  

I tillegg er det ønskeleg med relevant kuratorisk erfaring.

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt og vurderast i samanheng med dei andre medarbeidarane på Sogn og Fjordane Kunstmuseum.
Du bør vere fleksibel, positiv og ha høg arbeidskapasitet. Vi vektlegg evne til å jobbe sjølvstendig og samtidig kunne fungere godt i team.


Stillingane blir lønna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke). God pensjonsordning. IA-avtale. Musea i Sogn og Fjordane nyttar nynorsk som skriftspråk. Engasjementet gjeld for 12 månader. Det er ønskeleg med snarleg tiltreding.
Musea i Sogn og Fjordane er inne i ein organisasjonsprosess.
Nærare opplysningar får ein ved å ta kontakt med Hanne Storm Ofteland, tlf. 486 29 759. Sjå elles misf.no.
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.
Søknad med CV skal sendast til stilling@misf.museum.no eller til Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane, innan 12. november 2019. Søknad merkast "Kurator/Formidlar SFKM".

Om arbeidsgivaren

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane har følgjande avdelingar: De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum, Norsk Reiselivsmuseum, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Norsk Kvernsteinsenter og Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Stiftinga har omlag 50 årsverk