Det nye museumsbygget til Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM) i Førde er ei vidareføring av:

  • Fylkesgalleriet  i Sogn og Fjordane, skipa i 1987 og døypt om til Sogn og Fjordane Kunstmuseum i 2000 og
  • Sogn og Fjordane Kunstnarsenter, opna i 1983.

I nybygget har aktivitetane til desse to einingane smelta i hop.

Dei fleste fylker i Noreg har eit kunstnareigd og kunstnarstyrt Kunstsenter. Etter 2003 er det Sogn og Fjordane Kunstmuseum som har hatt ansvaret for ivaretaking av kunstsenterfunksjonane i Sogn og Fjordane, og 12. desember 2018 vart ei ny avtale om kunstsenterfunksjonane i Sogn og Fjordane underskrive.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum har eit lite fagbibliotek som kunstnarar kan nytte på staden. Vi held på å registrere boksamlinga, så alt er ikkje på plass enno. Søk vår bibliotekbase her.