BLI MED OG LAG JULEPYNT TIL KUNSTMUSEET SITT JULETRE!

LAURDAG 23. NOVEMBER FRÅ KL. 12 til 15
vert det arrangert juletrepyntverkstad for born over 6 år på Sogn og Fjordane Kunstmuseum under rettleiing av kyndige folk. Kafé Sobra står for gratis peparkaker og kakao til borna. Det er plass til maks. 30 born i verkstaden om gongen. Om det vert laga meir pynt enn ein med rimelegheit kan få hengt på treet kan ein ta med seg overskotet heim ;-)
Dei vaksne kan til dømes ta ein kopp kaffe eller sjå utstillingane våre. Velkomen!