Photographs: Ludvig Eikaas, Skytterdansen, 1954 and Nikolai Astrup, Priselde, pre-1917.

«STORT HÅL I – ASTRUP BILÆTE»
- Ludvig Eikaas og Nikolai Astrup

Opning laurdag 23. mars kl. 13 ved Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter. 
Musikkinnslag ved Indre Sunnfjord spelemannslag.

Dei vaks opp i same bygda, Jølster. Kan naturen og folka her ha hatt noko å seie for kunstnarskapa deira? I Eikaas sitt verk Stort hål i -  Astrup bilæte  ser han på Fjærlandstunellen som eit hol i landskapet til Astrup. 

Naturbileta er det mange av. Hos Eikaas er Lørdagskveld i Jølster ei idyllisk og fredfylt skildring av landskapet. Noko av det same finn ein i Astrup sine Soleienatt motiv . Begge skildrar det lokale og det nære, som Kristentunet heimen til Eikaas, eller Astrup sin barndomsheim prestegarden, framstilt i ei fredfylt barnetekning.

Dei vaks opp i eit bondesamfunn og skildringar frå arbeidslivet har dei begge. Plognatten og Heim frå arbeid hos Astrup og Slåttonn og Tømmerkøyrar hos Eikaas. Begge har hesten med i sine første tresnitt. Sjølv om Jølster ligg i innlandet har begge og eit forhold til fiskaren.

Moderniseringa i samfunnet byrja medan Astrup levde og den var godt i gang når Eikaas vaks opp. Urbane var dei òg, kvar på sitt vis. Studiereiser gav dei inspirasjon. Astrup med skildringar frå Danmark, Venezia, Tunis og Dublin og Eikaas mellom anna frå Firenze og Venezia.

Deira kjærleik til musikk og dans er kanskje den største fellesnemnaren. Eikaas med fela, som var med i fest og kvardag. I Skyttardansen til Eikaas og Jonsokbålet til Astrup viser begge dansen og folkelivet i Jølster. Astrup skildrar dei dansande på ein slik måte at ein kan kjenne att dei ulike «turane» utifrå bileta. Dans i stover og løer var ein del av kulturlivet på begge si tid. I Sunnfjordingar på veg heim til jul fortel Eikaas oss om den tida då ein måtte til byen for å handle sterkare varer og korleis det kunne gå på vegen heim. Lokale spelemenn var vener og omgangskrins hos begge.

Litteratur har begge kunstnarane tette band til. Astrup illustrerte mellom anna Kincks noveller og Bjørnsons bondefortellingar, medan Eikaas illustrerte Henrik Ibsen og Jakob Sande.

Portretta til Astrup er ofte av kjende sambygdingar som han har eit nært forhold til, medan Eikaas bevegar seg meir utanfor eiga bygd. Lite sjølvportrett hos Astrup kan minne om den noko enkle streken Eikaas nyttar i mange høve, spesielt i dei utallege sjølvportretta.

Tekstil og vev vaks begge opp med. Astrup si mor var ei av store vevarane i bygda og Astrup teikna mønster som ho og Marie Lind i lensmannsgarden vevde. Hos Astrup finn vi òg studie av ein middelaldertekstil, som han kanskje lagde under opphaldet i Trondheim. Astrup måla faner til ungdomslag i Jølster og på Svanøya, i alt 6. Begge kunstnarane gifta seg med tekstilkunstnarar. Engel Astrup trykte bunadsforklede, dukar og gardiner, medan Eikaas si kone Synnøve Anker Aurdal var ein pioner innan den moderne vevkunsten i Noreg. Anker Aurdal og Eikaas samarbeidde om eit  utsmykkingsoppdrag til Håkonshallen i Bergen som var ferdigstilt i 1961.

Vidare trykte Eikaas eit makrellmotiv på lys metervare for å kunne sy seg ein «makrelldress» og sidan skildra han seg sjølv med den på i eit sjølvportrett. I samband med opninga av Eikaasgalleriet i 1994, hadde Eikaas ein ide om å kle opp vaktene i galleriet i «makrelldressar». Kvinnene med makrellane på høgkant, då det ville gjere dei slanke og elegante, medan mennene skulle ha dei liggande.

Kurator: Solveig Berg Lofnes, avdelingsleiar ved Eikaasgalleriet og Astruptunet, SFKM

Verksfoto: Ludvig Eikaas, Skytterdansen, 1954 og Nikolai Astrup, Priselde, før 1917.