Nikolai Astrup, Rabarbra og småpike Sandalstrand, utan år, BKMdep, KODE Bergen

GÅRDSHAGEN - NIKOLAI ASTRUP

Opning onsdag 22. mai kl. 19 ved Trond Ueland, kommunalsjef Førde kommune.

Nikolai Astrup har i heile sitt kunstnarskap hatt eit forhold til hagen. Frå «Vårnatt i hagen»  heime i prestegarden,  til  «Rabarbra og småpike på Sandalstrand» . Fleire nykonserverte planteskisser, som aldri før har vore stilt ut, vert òg å sjå i utstillinga. Landskapsarkitekt Ingeborg Mellgren Mathiesen la i haust fram ein rapport på Nikolai Astrup sin gårdshage på Sandalstrand. I årets utstilling i Astruptunet vil vi vise delar av hennar arbeid, kombinert med originalverk av Astrup som omfattar hagemotiv med verk frå reisa frå prestegarden til Sandalstrand. Dette omfattar òg innlån av verk frå Astrupsamlinga ved KODE Bergen.

Utstillinga vert eit ledd i informasjonen om arbeidet som vil gå føre seg i hus og hage på tunet, der ein òg tenkjer at restaureringsarbeidet kan bli ein del av formidlinga.

 

Kuratorar: avdelingsleiar Solveig Berg Lofnes og landskapsarkitekt Ingeborg Mellgren Mathiesen

Foto: Nikolai Astrup, Rabarbra og småpike Sandalstrand, utan år, BKMdep-373-07, KODE Bergen.