Hans Gjesme, Uppigarden, Voll, 1920

HUS HJÅ HANS GJESME

Opning laurdag 15. juni kl. 13 ved Ingrid Norum, kurator for utstillinga og konservator ved SFKM.

I høve Veslemøy Sparre Jansen si utstilling med husmotiv frå Lærdal i høgsalen ved Sogn Kunstsenter, har vi teke eit djupt dykk i samlinga etter Hans Gjesme (1904-1994), for å sjå korleis han skildra hus dei stadane han budde gjennom eit langt liv. Vi har fått ramma inn eit titals bilete og desse vert no synt fram for første gong, i utstillinga «Hus hjå Gjesme» i dei to låge utstillingssalane. Når ein ser gjennom bileta av hus, kjem det raskt for ein dag at hovudmotivet var heimgarden Uppigarden på Voll i Lærdal, og særleg den delen av tunet som var hans revir; kårhuset, stabburet, vedahuset og frukthagen. Den tidlegaste daterte skildringa av Voll er frå 1917. Då var Hans Gjesme 13 år.

Om ein vitjar tunet i Uppigarden, slår det ein at Gjesme ikkje gjekk mange metrane frå husveggen før han sette ned staffeliet og byrja å måle. Han måla Lærdalslandskap med utgangspunkt i husa i tunet, i alle himmelretningar. Favorittvinkelen hans var mot Hynjahovden som «stengjer» Lærdalen mot aust. Dette motivet skildrar han ofte; både frå bakkenivå og frå det austvende rommet i andre etasje i huset sitt. Her hadde han sett inn eit takvindauge mot nord etter at han kom heim frå studiane i Kristiania og Paris midt på 1920-talet. Det ga han meir dagslys ovanfrå når han sto og måla utsikten framfor vindauget mot aust. I dei austvende bileta er eit lite gult hus i nabotunet alltid med. Det er eit viktig kompositorisk element i bileta, og syner kor mektig naturen i Lærdal er i forhold til dei små menneska som bur der.

Husa er ikkje alltid skildra i sin heilskap, men er ofte med i ytterkanten av bileta, anten for å skape ein målestokk i landskapet, eller omvendt; landskapet vert ein kontekst for husa. Nokre av bileta av kårhuset kan sjåast som «portrett» av heimen. I desse er heile huset skildra frå nordaust mot sørvest eller nordvest mot søraust slik at ein ser huset i «halvprofil». Nokre av dei er lyse og detaljerte og syner ein velstelt heim med rik blomsterflor rundt. Andre, seinare bilete av kårhuset er meir utflytande og symbolladde. Dei er frå tida etter 1971 då Gjesme kom att frå det lange opphaldet ved Gaustad sjukehus. Det flotte og høgreiste hovudhuset med to fulle etasjar, er òg ofte med i måleria frå Uppigarden. Det vart flytta til Voll i 1900 og var opphavleg bygt av Hans Lem som hovudhus på Frønningen i 1745.

På Skigrov, oppe på Tynjaåsen bygde Hans, faren og antakeleg broren Olav opp ei lita steinhytte i tuftene etter ein støl som hadde lagt der. I følgje dei som kjende Gjesme vart dette «slottet» hans, og ein kan sjå i Gjesmesamlinga at han skildra den vesle steinbua både i måleri og etsing. Før han vart lagt inn på Gaustad var han oppe på Skigrov så ofte han kunne. Då hadde han med seg målesaker og proviant, slik at han kunne vere der opp til ei veke om gongen. Gevær måtte han òg ha med då det var eit bjørnetrekk i området. I 1928 vart det skutt ein bjørn i Tynjadalen.

Hans Gjesme var oppteken av hus og arkitektur òg andre stader han vitja og budde. Vi finn skildringar av Borgund Stavkyrkje, andre tun i Lærdal, faren sin heimgard i Flåm, antakeleg bakgarden der han budde på hybel på Kampen i Kristiania tidleg på 1920-talet, utsikta mot gata frå Hôtel Isis i Latinerkvarteret i Paris i 1925, utsikta frå Mundal hotell mot grenda i Fjærland i 1926, gamle hus og kyrkja på Røros i 1948, ymse hus og gardar på Austlandet, ulike utsyn over Oslo by, og av administrasjonsbygningen, forvaltarbustaden, fyrhuset og pasientbygningane ved Gaustad sjukehus i perioden 1955 til 1971.

Kurator: Ingrid Norum, konservator ved SFKM

Foto: Hans Gjesme, Huset, 1920, akvarell, GJS-1409, copyright: BONO.