Egil Røed, General Contraception II (Norwegian title: Generalprevensjon II), 1972, serigraphy.

HUNDRE ÅRS MANGFALD
Norske grafikere 100 år

Opning ved biletkunstnar og grafikar Karen Helga Maurstig. Enkel servering.

I jubileumsåret 2019 vil vi helse og heidre jubilanten med eit grafisk djupdykk i samlingane våre. Heilt i botn av hundreåret finn vi eit tresnitt av Nikolai Astrup, der utstillinga startar oppstiginga mot tida der breidda i samlinga er størst. Frå eit større tilfang av grafiske verk frå siste halvdel av nittenhundretalet og fram mot i dag, vil vi vise mangfaldet i metode, uttrykk og ikkje minst grafikken som massemedium.

Grafisk mangfaldiggjering har vore nytta til både pryd og propaganda og promotering av politisk agenda.

I utstillinga finn vi Morten Krohg sine silketrykk som kommenterer Sovjet si krigføring i Afghanistan og Oddvar Torsheim si Nei-ku frå EU-kampen på 1970-talet. Oddvar Torsheim har kalla teknikken «plakattrykk».  Silketrykk, eller serigrafi som teknikken oftast kallast innafor bildekunsten, er ein nykomling som entra bildekunsten rundt midten av 1900-talet, Ikkje fordi teknikken i seg sjølv var ny, men fordi den var assosiert med «plakattrykk» og industritrykk av ulik art. Det var først med op-art, pop-art og gjennom 1960-70-talskunsten lada med politisk protest, at teknikken vart rekna som «stoverein» innafor den etablerte kunstsfæren.

Den andre «nykomlingen» i det grafiske hundreåret er det tretydelege langvedssnittet som Nikolai Astrup var ein tydeleg eksponent for gjennom sine tresnitt.  Heller ikkje tresnitt er ein ny teknikk, men i tidlegare bruk av treet som trykkblokk/plate var det ikkje ønske om at treet sin struktur eller eigenart skulle vere synleg, og eit tresnitt av kunstnarleg akseptabel kvalitet var xylografiet, som var skore i endeveden på lauvtre og ikkje etterlet spor av trestruktur i det ferdige verket.

Grafikken som massemedium er gammal, og alt etter kva kant på kloden ein refererer til, så kan ein rekne historia i både hundreår og tusenår.

Originalgrafikken, nummerert og signert av kunstnaren er likevel ny i dette bildet. Frå renessansen og framigjennom mot siste hundreåret vart det rett nok produsert grafiske trykk av både Rafael, Dürer, Rembrandt og andre. Sjølv om Rembrandt og fleire av desse utførte plategravyr på høgt nivå vart ikkje grafisk mangfaldiggjering rekna som ei original kunstform, men heller ein reproduksjonsmetode som etter beste evne skulle avbilde originalteikninga, eller måleriet.

Ei synleggjering og utforsking av dei ulike grafiske metodane sine eigne uttrykk høyrer i stor grad til i det siste hundreåret, og i tillegg til teknikken sine særmerke let ein òg gjerne kantane av trykkplata eller litosteinen vere synleg prega i det ferdige trykket.

I dag vert det som er att av litografisk stein utelukkande nytta til kunsttrykk, men så seint som på midten av 1900-talet var den litografiske teknikken i bruk, og overlegen fotografisk basert rastertrykk i offset. I mange tilfelle overgjekk reproduksjonen orginalen i teknisk virtuositet.

Dette syner vi eit storslått døme på i utstillinga, ved å vise Litograf Peter Wilhelm Johannsen (1870-1957) sin komplette arbeidsprosess fram til den ferdige reproduksjonen av Nikolai Astrups «Kollen». Johannsen nytter heile 17 særfargetrykk fram mot den ferdige reproduksjonen – eit så imponerande og presist handverk at det nesten set originalmåleriet i skuggen.

Kurator: Stein Bårdsen Sandemose

Verksfoto: Egil Røed, Generalprevensjon II, 1972, serigrafi.