MAKT OG MAGI - SNORRE OG RINGENES HERRE
Ei vandreutstilling frå Nasjonalmuseet

Utstillinga Makt og magi - Snorre og Ringenes Herre er bygd på forsking som for første gang syner slåande likskap mellom filmscener i Ringenes Herre, basert på J. R. R. Tolkiens bok av same tittel, og illustrasjonar til 1899-utgjevinga av Snorres Kongesagaer. Ved å utforske denne slektskapen, som både er av visuell og innhaldsmessig karakter, vert Snorre-illustrasjonane sitt tilhøve til fantasy-sjangeren kasta lys over.

Illustrasjonane til Snorres Kongesagaer er teikna av Halfdan Egedius, Christian Krohg, Gerhard Munthe, Eilif Peterssen, Erik Werenskiold og Wilhelm Wetlesen. Utgåva av Snorres Kongesagaer frå 1899 er ei av dei mest vanlege bøker i norske heimar.

Filmskaparen Peter Jackson seier at Tolkien henta mykje frå dei norrøne sogene til forteljinga si. Det kan filmskaparen òg ha gjort. I utstillinga kan de sjå og samanlikna filmklipp frå Ringenes Herre og teikningar frå Snorre.

Ei utstilling der de ikkje berre kan sjå, men òg røre: de kan setja dykk i ein kopi av Blakerstolen, ta ein vikinghjelmkopi på hovudet, kjenne tyngda av ein kopi av Snartemosverdet i neven og sjå ein ekte tretten- til femtenhundre år gammal gullring.