LAURDAG 18. JANUAR: KNØTTEBLEST VED SFKM

Blest er for alle, også for kidsa! Bli med på gratis konsert og aktivitetar i museet.
11:00: Museet opnar - med aktivitet for ungane
12:00: Konsert med Du og eg og vi 2-3-4. PS: begrensa plass på konserten!
Ein groovy konsert for heile familien, særleg barn i aldersgruppa 3-10 år, med mange spennande karakterar og utfordringar! Denne gøyale gjengen tek med barna på eit musikalsk eventyr og ønskjer å lære alle barn i hele verda (og vaksne!) kunsten å klappe på 2 og 4!

I samarbeid med Blest festivalen.