Administrerande direktør har overordna ansvar for den samla drifta, og skal i samarbeid med styret og dei tilsette vidareutvikle organisasjonen i samsvar med vedtekne mål og strategiar.

Vi søkjer ein resultat- og samarbeidsorientert toppleiar med interesse for kultur og musea sine fagfelt. Du må ha relevant høgare utdanning og røynsle frå organisasjonsutvikling, økonomistyring og drift.

Stillinga er på 6 års åremål, og kan fornyast ein gong. Om ønskjeleg vil kontorstad for administrerande direktør kunne delast mellom Sandane og Førde. Styret har vedteke å lokalisere hovudkontoret til Movika i Førde når nytt museumsbygg er etablert.

Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til vår rådgjevar i Headvisor Rune M. Bruket, tlf. 97138423 eller styreleiar Harry M. Mowatt, tlf. 91709051.

Søknad snarast, og innan 18. mai via www.headvisor.no

Utlysning - annonse