Vår kjære medarbeider, Solveig Berg Lofnes, avdelingsleiar for Astruptunet og Eikaasgalleriet i Jølster, fekk i går Kulturprisen i Jølster 2016 på 10 000 kroner, for sitt lange arbeid med Astruptunet, hagen og kunsten.

Då ordførar Oddmund Klakegg delte ut kulturprisen i kommunestyremøtet sa han:

"2016 har vore eit fantastisk år for Jølster kommune i høve lanseringa av Nikolai Astrup i både inn- og utland. Om lag 150 000-170 000 har sett utstillinga, som har fått mykje og god omtale. Då passar det ekstra godt å heidre den som har stått i dette arbeidet i opp- og nedturar, som har eit stort eigarskap til Astruptunet og Astrupkunsten, og som er ein fantastisk representant for Jølster."
Han la vidare vekt på Berg Lofnes sitt store engasjement for og glødande formidling av Nikolai Astrup sitt kunstnarskap: "Kunnskapen om Astrup er høgt verdsett, og hennar status i kultureliten høg."

Berg Lofnes har arbeidd i kultursektoren i Jølster kommune sidan 1983. Frå og med 2004 vart tilsetjingshøvet overført til Stiftinga Sogn og Fjordane Kunstmuseum og i 2009 til Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, der ho framleis er tilsett.

Kjelde: Bjørn Grov, Firda Tidend, 13.12.2016.

Foto: Børge Tvedt