Laurdag 4. juni kl. 13:00 vert det sesongopning av Sogn Kunstsenter. I det høve vil konservator Ingrid Norum halde ein kunstnarsamtale med Jens Hauge om utstillinga "Fellesrom - Lærdalslandskap hos Hans Gjesme og Jens Hauge". 

Landskapet og det spesielle lyset i Lærdal, med sine steile fjellsider og skarpe kontrastar, har vekt interesse hos mange kunstnarar. Det er likevel ingen som har skildra det storslagne landskapet med den same sansen for detaljar som Lærdal sine eigne kunstnarar frå to generasjonar, målaren og teiknaren Hans Gjesme (1904-1994) og samtidskunstnaren fotograf Jens Hauge (født 1953).

Hans Gjesme sine skissebøker, som ikkje har vore synt fram tidlegare, framhever overraskande fellestrekk og ulikskap i detaljer og kunstnarleg ståstad mellom dei to kunstnarane. Trass i at hovudtemaet, Lærdals-landskapet, er det same og lett å kjenne igjen, er det kanskje vel så interessant at tilnærminga til motiva kan vere so til forveksling like, sjølv om verka er utført i ulike teknikkar, til ulike tider og i ganske så ulike kunstnarlege uttrykk.  - Utstillinga handlar kanskje meir om måten ein kan sjå eit landskap på.