Det vert informasjonsmøte om arbeidet i Astruptunet på Eikaasgalleriet tysdag 14. juni kl. 19:30.

Arrangør: Jølster kommune og Sparebankstiftinga DNB.

Tema for møtet: Kva fortel kjeldene oss om Nikolai Astrup sin hage og kunsten hans? Ved lanskapsarkitekt og hagehistorikar Ingeborg Mellgren-Mathiesen frå Arkadia landskap. 

PhD Tove Kårstad Haugsbø vil og vere til stades på møtet. Ho er ein av Noregs fremste forskarar på Astrup og forskar på Astrup sin kunst på KODE og Astrupsenteret i Bergen. 

Det er ei fantastisk oppgåve vi står ovanfor, og det er litt av eit puslespill som skal leggast for å få kunnskap om hagen som Nikolai og Engel Astrup hadde på Sandalstrand. Det har kome fram mykje ny dokumentasjon gjennom registreringar og kjeldegransking i år, men det manglar framleis nokre bitar før det store puslespelet er lagt. Vi håpar at fleire av dykk vil ta med informasjon om plassar vi kan finne «Astrup-plantar», eller vil dele gamle bilete frå Astruptunet.

Vel møtt til ein spanande kveld!