NYTT FJES VED SFKM

Eirin Mailund Svendsen er tilsett i engasjement som kurator/formidlar ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Eirin kjem frå stilling som prosjekttilsett ved Oslo Museum. Ho har tidlegare arbeidd ved Museene i Akershus. Eirin har ein bachelor i kunsthistorie og master i museologi- og kulturarv frå Universitetet i Oslo (masteroppgåve: «Kvinner på tvers av tiden. Å finne kvinner til utstillinger om byers fortid», tilgjengeleg i fulltekst frå DUO, Universitetet i Oslos vitenarkiv: http://urn.nb.no/URN:NBN:no-73605). Stillinga er eit 12. månadars engasjement, og Eirin skal starte i stillinga 10. februar 2020.

Tags