OMVISINGAR PÅ EIKAASGALLERIET LAURDAG 13. OG 20 APRIL KL. 14

i  utstillinga "Stort hål i -  Astrup bilæte"  - Ludvig Eikaas og Nikolai Astrup
med kurator Solveig Berg Lofnes. 

Dei vaks opp i same bygda, Jølster. Kan naturen og folka her ha hatt noko å seie for kunstnarskapa deira? I Eikaas sitt verk "Stort hål i -  Astrup bilæte"  ser han på Fjærlandstunellen som eit hol i landskapet til Astrup.

Både Astrup og Eikaas skildrar det lokale og det nære; arbeidsliv i bondesamfunnet, musikk og dans, portrett av seg sjølv og sambygdingar og karakterar frå litteraturen. Tekstil og vev vaks dei begge opp med, og begge vart gift med kvinner som arbeidde med tekstil, om enn på ulike arenaer. Astrup og Eikaas har sett store avtrykk etter seg i den norske kunsthistoria.  I denne utstillinga kan du sjå kva to menn frå same bygd, men frå ulike generasjonar, har til felles og på kva måtar dei er ulike.

 

Inngangsbillett kr. 50,-