PRESSEMELDING - 17.10.2019

Astrupkunst i gåve frå Sogn og Fjordane fylkeskommune

8. oktober 2019 bestemte fylkestinget i Sogn og Fjordane å gje kunst av Nikolai Astrup i gåve til Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum. 

Tresnitta «Fugl på stein», «Soleienatt», «Juninat i hagen», «Maimåne», «Heim frå arbeid» og «Liten kornstaur» vart innkjøpt av Sogn og Fjordane fylkeskommune i 1986 og har vore lånt ut til Jølster kommune og deponert i Astruptunet sidan då.

Astruptunet er ei driftseining under Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, avdeling Sogn og Fjordane Kunstmuseum, og kunstmuseet forvaltar allereie desse verka som no vert overført formelt til stiftinga.

«Dette var svært gledeleg. Vi er svært takksame for denne gåva», seier avdelingsdirektør ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Hanne Storm Ofteland.

Meir om bakgrunn til gåva mm er å lese i saksfremlegget frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune: https://www.sfj.no/ato/esa62/document/framlegg-saknr45_2019-cat344489-mid119884_7f2e6633bf.19138443d19138443.12bfb5b20e.pdf

 

Kontaktperson: Avdelingsdirektør Hanne Storm Ofteland, tlf. 486 29 759 / hanne.storm.ofteland@misf.no

 

Bilete over: Nikolai Astrup. «Soleienatt». Før 1915. Fargetresnitt med handkolorering på papir.

 

Nedlastingskobling for trykkekvalitet (38,9 mb): https://we.tl/t-rjigqdb2wU (tilgjengeleg til 24.10.2019)