Sunnfjord Kunstlag arrangerer i samarbeid med Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM) seminarhelg med GRATIS ADGANG. Det vert foredrag av Marit Paasche om norsk videokunst (inkl. visning av to videoverk) og om Hannah Ryggen. Jeremy Welsh vil fortelje om den audiovisuelle installasjonen "The Atmospherics-5", laga av han og Trond Lossius i Høgsalen ved SFKM. I tillegg vert det besøk i utstillinga "Krig og fred og religion og politikk og sånn..." i 3. etasje ved SFKM og i Kristian Finborud si utstilling i Førdehuset (siste utstillingsdag). 

Vi har sterke faglege krefter med til å ta oss gjennom desse tematiske programma. 

  • Marit Paasche (fotografert av Mimsy Møller), som skal medverke begge dagane, er kunsthistorikar og har vore forskningsansvarleg ved Videokunstarkivet. Ho er no frilansar og jobbar som forfattar, kurator, forelesar og kritikar. Ho gav tidlegare i år ut boka ”Hannah Ryggen. En fri”, som har hausta strålande omtalar. I 2014 var ho kurator for den store utstillinga ”Vi lever på en stjerne” ved Henie Onstad Kunstsenter.
  • Jeremy Welsh har, saman med Trond Lossius, laga installasjonen ”The Atmospherics-5. Stop, Hey, Watch That Sound”, som vert vist i Høgsalen ved SFKM fram til 18. september. Jeremy, som vil fortelje om dette arbeidet på seminaret, vert rekna som ein av dei fremste videokunstnarane våre.
  • Ingrid Norum, kunsthistorikar og konservator ved SFKM vil ha ei omvising i utstillinga Krig og fred og religion og politikk og sånn..." som ho har vore kurator for. 

 

SEMINARPROGRAM
Seminarlokale: Undervisningsrommet, Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Laurdag 3. september: VIDEOKUNST
Kl. 12.00-13.00: Oppmøte, mingling, lunsj for dei som ynskjer (sjølvkost)
Kl. 13.00: Introduksjon,leiar i Sunnfjord Kunstlag, Gunnstein Brakestad
Kl. 13.10: Visning 2 videoverk frå Høstutstillingen 2015

  • Ingrid Torvund ”When I go out I bleed magic” (stillbilete)

Torvund

  • Gunnar Hall Jensen “Gunnar goes Wabi Sabi”

Kl. 14.00: Marit Paasche: Foredrag om norsk videokunst med særskild fokus på dei viste verka.
                Spørsmål/samtale
Kl. 15.10: Visning av installasjonen "The Atmospherics-5" (Høgsalen).
Kl. 15.30: Jeremy Welsh: presenterer/fortel om verket, og evt. samtale med Marit Paasche samt seminardeltakarane.
Kl. 16.30: Slutt dag 1

Sundag 4. september: HANNAH RYGGEN & UTSTILLINGSBESØK
Kl. 11.00: Introduksjon Gunnstein Brakestad
Kl. 11.05-12.15: Marit Paasche: Om Hannah Ryggen, kunst og politikk /samtale
Kl. 12.15-12.45: Utstillingsbesøk/omvising med Ingrid Norum i "Krig og fred og religion og politikk og sånn…" (3.etg.)
Kl. 12.45-13.30: Lunsj for dei som ynskjer (sjølvkost)
Kl. 13.30: Utstillingsbesøk på Førdehuset – separatutstilling Kristian Finborud
Kl. 15.00: Slutt

Norske Kunstforeninger støtter tilskipingane.