SFKM feirar SoFjoPride med gratis filmvisning: "7. himmel"


I samband med 🏳️‍🌈 SoFjo Pride 2019 🏳️‍🌈 viser Sogn og Fjordane dokumentaren om biletkunstnaren Lars Kristian Gulbrandsen, 1931-2005 (òg kjend som "Tatjana LK").

Gulbrandsen ble følgt opp av eit filmteam leia av regissør Steffan Sandberg som laga dokumentaren «7. himmel» i 2002. Dokumentaren er tidlegare vist på Den internasjonale dokumentarfilmfestivalen i Amsterdam 2002 og Kortfilmfestivalen i Grimstad 2003.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum har to verk av Gulbrandsen i sine samlingar. Dei vil òg bli vist i museet denne fredagen.

Velkomen!