Vi søker museumsvertar til  Anders Svor Museum, Hornindal og Sogn Kunstsenter, Lærdal for sommarsesongen 2019


OM SOMMARENGASJEMENTA:

Engasjementa er deltids-/heltidsengasjement med varierande omfang.

Museumsvert: Som museumsvert er du formidlar av dei aktuelle utstillingane. Dine oppgåver vil blant anna være: vakthald, sal av billettar og produkt, formidling, kundehandsaming og mogleg omvisningar.

Vi søker deg som er: Interessert i kunst * Har formidlingsevne * Serviceinnstilt * Ansvarsbevisst * Positiv og engasjert * Fleksibel.

Krav til søkar og søknad:

Du må vere fylt 16 år. Søkarar over 18 år vil verte prioritera. Vi har inga øvre aldersgrense.

Du må beherske eit skandinavisk språk, samt engelsk.

Kunstfagleg bakgrunn er ønskeleg. Erfaring med formidling og kundebehandling samt ei interesse for kunst kan kompensere for manglande formell utdanning. Ved begge avdelingane er det kun ein museumsvert på jobb om gangen.

 Stillingane blir løna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke).

Send oss ein søknad og CV på e-post til: hso@misf.museum.no. Ver venleg å oppgje kva for ei stilling du søker på, kven du er, og dine tidlegare erfaringar. Skriv òg perioden(e) du kan arbeide (frå og til dato(ar)).

Søknadane vil bli handsama etter kvart, og aktuelle kandidatar vil bli kontakta for intervju. Følg med på heimesida vår og Facebook, så er du oppdatert på kva som skjer!

Spørsmål kan rettast til avdelingsdirektør Hanne Storm Ofteland, tlf. 486 29 759, e-post hso@misf.museum.no

Søknadsfrist:

mandag 1. april 2019